Off the Record er det femte studioalbumet av det engelske glamrockbandet Sweet. Det vart spelt inn i Audio International Studios i London mellom oktober 1976 og januar 1977. Bandet produserte albumet sjølv med hjelp frå lydteknikarane Louis Austin og Nick Ryan.

Allmusic skreiv om albumet: «Den musikalske tilnærminga til bandet verkar schizofren på dette albumet: songar som 'Windy City' og 'Live for Today' prøver på ein tøff lyd bygde på grusame tekstar og tunge gitarriff, men denne tilnærminga blir oppheva av den openberre glattheita i produksjonen, som kastar alt saman med i Queen-aktige harmoniar og tjukke lag av synthesizerar som ville føle seg meir heime på eit progrockalbum. Trass i denne forvirra tilnærminga, skin nokre solide songar innimellom: 'Fever of Love' er ein sympatisk rockar bygt på ei effektiv blanding av gitarar og synthesizerar som har eit fengjande refreng som er verdig hitsinglane deira, og 'Midnight to Daylight' er ein stampande rockar med tunge riff verdige Black Sabbath. Likevel er augneblink som desse få og langt mellom Off the Record, noko som gjer dette til eit album som eigentleg berre passar for Sweet-samlarar.»

Innhald Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker.

Europeisk utgåve

Amerikansk utgåve (berre LP)

I motsetnad til RCA-versjonen hadde Capitol-utgåva albumtittelene trykt på omslaget.

Singlar «Stairway to the Stars» vart heldt attende frå RCA-albumet og seinare gjeven ut på singel som ein oppfølgjar til «Lost Angels» og «Fever of Love». Alle tre singlar selde dårleg (utanom i land som Sverige, Tyskland, Austerrike, Sør-Afrika og Danmark, der alle eller nokre av dei nådde topp 10 og topp 20).

Coverversjonar Raul Sepper spelte inn ein versjon av «Funk It Up» på estisk, kalla «Sein On Ees», i 1979. Det tyske power metal-bandet Gamma Ray spelte «Lost Angels» i 2013 på EP-en deira Master of Confusion.

Medverkande Brian Connolly – solovokal Steve Priest – bassgitar, munnspel, solo- og korvokal Andy Scott – gitar, klaverinstrument, synthesizer, korvokal Mick Tucker – trommer, perkusjon, korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Off the Record (Sweet album)» frå , den 3. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Sweet-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:RCA Records-album