Einar Brun () var ein norsk biolog som arbeidde med emne innan marinbiologi og med studiar av sjøfuglkoloniar. Han var mellom anna leiar ved Marinbiologisk Stasjon ved Universitetet i Tromsø og arbeidde med realisering av anlegg for lakseoppdrett.
Einar Brun voks opp i Sandefjord der han tidleg fekk interesse for ornitologi og tok til å merke fuglar for Stavanger Museum. Frå 1965 var han busett i Tromsø, knytt til Tromsø Museum og universitetet. Han var gift med kunstnaren Diana Mary (Dido) Berry.
Karriere Frå 1955 arbeidde han med ringmerking i Sverige og Danmark og frå 1957 på øya Skokholm i Wales der han blei tilsett på fuglestasjonen frå 1958.
Brun tok hovudfag ved Zoologisk museum i Oslo i 1963, og doktorgraden på pigghudar ved universitetet i Liverpool i 1969.
Frå 1964 blei Brun tilsett ved Tromsø Museum. I 1972 blei han utnemnd til professor i akvatisk biologi ved Universitet i Tromsø, men returnerte til Tromsø Museum i 1975.
Brun dokumenterte funn av kvikksølv i sjøfuglegg i 1974, observerte nedgang i alkefuglpopulasjonar og dokumenterte dette ved eit symposium i Seattle i USA i mai 1975.
Blant publikasjonane til Einar Brun finst ei bok i programmering for problem i statistisk analyse på Noregs første datamaskin med integrerte kretsar, Simulator for Automatisk Maskineri, SAM 2.
Publikasjonar, utval Ornithological Features of Nord-Fugløy and Sør-Fugløy, i Astarte nr. 1(22), 1963, s. 1–13
Utbredelse og hekkebestand av lomvi (Uria aalge) i Norge, i Sterna nr. 8, 1969, s. 209–224 Utbredelse og hekkebestand av alke (Alca torda) i Norge, i Sterna nr. 8, 1969, s. 345–359 Biology of Manx Echinoderms, Ph.D. thesis, University of Liverpool, 1969
Populasjonsendringer hos noe sjøfugler i Sør-Norge, i Sterna nr. 10, 1971, s. 35–56 Establishment and Population Increase of the Gannet Sula bassana in Norway, i Ornis scandinavica nr. 2, 1972, s. 27–38 Mercury in Eggs of Norwegian Seabirds (sm.m. N. Fimreite m.fl.), i Astarte nr. 7, 1974, s. 71–75 Breeding Success of Gannets Sula bassana at Nordmjele, Andøya, i Astarte nr. 7, 1974, s. 77–82 Barentshavets sjøfuglressurser (sm.m. M. Norderhaug og G. U. Møllen), i Meddelelser fra Norsk Polarinstituttnr. 104, 1977, s. 1–119 Present Status and Trends in Populations of Seabirds in Norway, i US Department of the Interior, Fish and Wildlife Service, Wildlife Research Report 11, 1979, s. 289–301
Kjelder
Referansar
Kategori:Norske vitskapsfolk