Cyrille Regis () var ein britisk fotballspelar, fødd i Fransk Guyana. Han spelte midtspiss på West Bromwich Albion i sju sesongar, og like lenge på Coventry City.

Klubbspel Regis fekk kontrakt med West Bromwich sommaren 1977 og var ein flittig målskårar for fyrstedivisjonslaget i sju år. I 1984 flytta han over til Coventry City mot 250 000 pund. Våren 1987 var han med om å sikre klubben sitt einaste trofe. Den 16. mai spelte han heile kampen då Tottenham Hotspur vart slått 3 – 2 i finalen i FA-cupen. Etter å ha vore benkeslitar ei tid, gjekk han sommaren 1991 vidare til Aston Villa. Perioden 1993-96 spelte han ein sesong i kvar av klubbane Wolverhampton Wanderers, Wycombe og Chester.

Landslagsspel Regis deltok i 5 av England sine landskampar, fire i 1982 og den siste hausten 1987. Han var innbytar i tre av kampane, skåra ingen mål.

Merittar Vinnar av FA-cupen: 1987 med Coventry City

Regis døydde av hjartestans.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cyrille Regis» frå , den 30. oktober 2021.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Coventry-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Chester-spelarar Kategori:Folk frå Fransk Guyana