Olav Tryggvason () var konge i Noreg frå 995 til 1000, og er tradisjonelt vorte rekna som den store heltekongen i vikingtida, rikssamlaren og den første kristningskongen både på Island og i Noreg.
Bakgrunn – tida før 995 Snorre skriv at far til Olav Tryggvason var Tryggve Olavsson, som skal ha vore soneson etter Harald Hårfagre, og mor hans var Astrid Eiriksdotter, dotter av Eirik Bjodaskalle frå Jæren. Faren vart drepen før Olav vart fødd, og mora måtte rømme for å berge livet for seg og sonen. Dei ville fare til Gardarike, men på veg over Austersjøen vart dei tekne av vikingar og Olav vart seld som træl. I seks år var han hjå ein bonde i Estland, før han til sist kom til Gardarike og kom i teneste hjå kong Valdemar. Han skal då ha vore ni år gamal og vart verande i Gardarike i ni år. Då vart han uven med kong Valdemar og om lag 18 år gamal reiste han på vikingferd. Han herja først på Bornholm, deretter drog han til Vendland og kom til kongen der, som Snorre kallar «Burislav». Han vart gift med «dronning Geira», dotter åt kong Burislav, og vart verande i Vendland i tre år.
Medan han var i Vendland, hende det at saksarkeisaren Otto I gjekk til krig mot danskekongen Harald Blåtann. Kong Burislav følgde keisar Otto med ei stor hær, og Snorre fortel at Olav Tryggvason, mågen hans, var òg med i denne hæren. Det var i denne krigen at Håkon jarl den mektige frå Noreg kom til Danmark for å hjelpe kong Harald Blåtann, der han vann over saksarkeisaren i eit slag ved Danevirke.
Noko seinare vart Geira sjuk og døydde, og Olav sørgde då slik over å ha mist henne, at han ikkje likte seg meir i Vendland. Han fekk seg hærskip og drog på nytt ut i hærferd. Han herja først i Saksland, i Friesland og i Flandern. Seinare herja han i England, Skottland, på øya Man, i Bretland (Wales og Cornwall), i Kumrarland (Cumberland), og for deretter vest til Valland (Nord-Frankrike). I denne tida kalla han seg sjølv for «Åle» frå Gardarike.
Etter fire år kom han til Syllingane (Scilly Isles). Der vart han spådd av ein heilag einebuar at han skulle verte ein stor konge og utrette store ting, og han skulle kome til å omvende mange til tru og dåp. Olav Tryggvason skal ha vorte verande ei lang tid hjå einbuaren og fekk lære om Gud og kristendommen. Han skal òg ha vorte døypt der.
Snorre fortel at «om hausten» etter at han var døypt (truleg omkring 988), segla Olav til England. Der fór han med fred, for i England var dei kristne og han var kristen sjølv. Der traff han «dronning Gyda», syster til Olav Kvåran som var konge i Dublin i Irland. Ho hadde vore gift med ein mektig jarl som no var død. Olav vart då gift med Gyda, og deretter var han stundom i England og stundom i Irland.
Fakta I Soga om Olav Tryggvason har alle ingrediensane som høyrer med i ei klassisk heltesegn og det meste av innhaldet må reknast som historisk særs usikkert. Mange av opplysningane er påviseleg både feil og mangelfulle og gir ikkje grunnlag for å kunne gi ei reell vurdering av han som person og heller ikkje av norsk historie i dei fem åra han var konge.
I den norrøne sogelitteraturen har han fått ein brei omtale, til dømes i Heimskringla,Soga om Olav Tryggvason av Snorre, omsett av S. Schjött (1900) Fagerskinna,Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst) Ågrip,Ågrip or Noregs kongesoger av Gustav Indrebø (Samlaget 1973) Tjodrek Munk si kongekrønike,Soga um dei gamle norske kongane (Tjodrek Munk) omsett av Eiliv Skard (1932) den latinske krønika Historia Norvegiæ og i den særskilde soga om Olav TryggvasonDen eldste soga om Olav Tryggvason av Odd Munk Snorresson, opphavleg skreve på latin og var kjelde for fleire av dei seinare sogene av Odd Munk Snorresson. Olav Tryggvason er òg omtala i to diktverk frå om lag år 1200, Rekstefja,Rekstefja truleg av Hallar-Steinn (ca år 1200) truleg av skalden Hallar-Steinn, og Óláfs drápa TryggvasonarÓláfs drápa Tryggvasonar av ein ukjend skald (ca år 1200) av ein ukjend skald. Alle desse kjeldene vart nedskrivne om lag 200 år eller meir, etter at Olav Tryggvason levde.
I nyare utgåver av Heimskringla er sjølve kongstida hans skildra over nær 50 sider, og sett i høve til kor lite ein i røynda visste om han i medelalderen, er omfanget uvanleg stort. Til samanlikning kan nemnast at om det som hende dei neste femten åra (1000–1015), då ladejarlane styrte Noreg, skreiv Snorre stort sett eit einaste lite avsnitt.
Skaldedikt I SkaldatalSkaldatal frå is.wikisource.org (norrøn tekst) er berre to skaldar knytt til Olav Tryggvason: Hallfred Vandrædaskald og Bjarni skáld. Sistnemnde kan ha vore Bjarni Gullbrárskáld, men noko dikt av han om kong Olav er ikkje kjent. Av Hallfred kjenner vi to dikt om kong OlavDet norrøne fyrstediktet av Bjarne Fidjestøl 1982 (Om Hallfred Vandrædaskald): OlavsdråpaOlavsdråpa av Hallfred Vandrædaskald truleg dikta i 996 og handlar om vikingferdene, før han kom til England. Diktet samsvarer i stor grad med sogeteksten. ArvedråpaArvedråpa om kong Olav Tryggvason av Hallfred Vandrædaskald er datert til 1001. Dei første versa skildrar kampar på dei britiske øyane, medan resten av diktet handlar om slaget ved Svolder og om korleis kong Olav døydde.
Olav Tryggvason skal sjølv ha gjort skaldedikt, men berre toLausaviser av Olav Tryggvason små vers er kjende.
Ingen av dikta ovanfor nemner noko om tida før han kom til Gardarike, ikkje noko verken om tida i Vendland eller giftarmålet med Gyda. Berre kort er nemnt krigføring i England og ikkje noko er nemnt som refererer seg til kongstida i Noreg (utanom slaget ved Svolder). Kong Olav er òg kort nemnt i skaldediktet Belgskakadråpa til Eirik jarl, og i nokre dikt av Sigvat skald, men når ein tek med i vurderinga det rike tilfanget av skaldedikt som finst både om føregangarane og etterkomarane, inklusive ladejarlane, er det merkverdig at det ikkje er kjent fleire skaldedikt om Olav Tryggvason.
Vendland Kong Olav sitt opphald i Vendland, dvs. Polen eller Pommern, må ha vore i byrjinga av 980-talet, og skildringane om «kong Burislav» og «dronning Geira» står fram som prosadikting og er ikkje historisk truverdig. Den polske fyrsten Boleslaw (Chrobry) levde i tida ca. 966 til 1025 og kan ikkje høve med Snorre sin «Burislav». Han var regjerande fyrste frå 992 og vart Polen sin første konge berre stutt tid før han døydde i 1025. Fram til 992 var faren, hertug Mieszko I, herskar i Polen. Han døydde som ein gamal mann i 992 og det finst ingen historiske kjelder som kunne knyte han til Olav Tryggvason, eller ei «dronning Geira». Sogeverket Ågrip seier berre kort at Olav jamnt hadde vintersete i ei borg som heiter Jomsborg, og kanskje hadde han ein forbindelse til jomsvikingane.
Olav i England Dei norrøne sogene har ingen opplysningar om tida då Olav Tryggvason herja i England etter at han vart døypt (988/989), Snorre nemner berre at «der fór han med fred». Engelske kjelder reknar derimot med at han var identisk med vikingen «Anlaf» som var hovding for ei vikinghær som herja på sør-kysten av England i åra 991 til 994. Eit engelsk dokument frå 991Fredsmål og vilkår Avtale etter slaget ved Maldon i 991 (Diplomatarium Norvegicum) handlar om ein fredsavtale som den engelske kongen Ethelred gjorde med vikinghæren etter slaget ved Maldon. I den angelsaksiske krønikaAnglo-Saxon Chronicle Online Medieval and Classical Library er han omtala i året 994 då han, saman med kong Svein Tjugeskjegg, den 8. september (Nativity of St. Mary) gjekk til åtak på London. Åtaket var mislukka, men dei heldt fram med herjing i Essex, Kent, Sussex og Hampshire der dei for fram med «unspeakable evil». Kong Ethelred let då betale ut 16000 pund i danegeld for at dei skulle halde fred, og den danske styrken lægra seg for vinteren ved Southampton.
Krønikene fortel at kong Ethelred ved dette høvet sende folk til Olav Tryggvason og det resulterte i at han «bytte side» og gjekk i teneste hos den engelske kongen. Når kong Ethelred ved det høvet gjorde ein avtale med Olav Tryggvason, var truleg intensjonen hans å splitte opp vikinghæren som herja i landet hans, og kanskje var det òg kong Ethelred sin strategi at Olav skulle erobre Noreg (som han gjorde) og deretter gå til krig mot Danmark (som han òg gjorde) for å verte eit trugsmål mot kong Svein sine hærstyrkar frå «baksida».Cnut: Danes in England in the Early Eleventh Century (The Medieval World) av M K Lawson (Longman 1993) side 36
Olav må ha vore i kong Ethelred si teneste frå hausten 994 til han drog til Noreg våren 995. Dersom det skulle vere historisk haldbart at han vart gift med Gyda (ho var i røynda dotter til kong Olav Kvåran), må det mest truleg ha skjedd denne vinteren.
Olav vert konge – 995 og seinare mini|300px|Olav Tryggvason vert teken til konge.Måleri av Peter Nicolai Arbo, 1860. Snorre fortel at Håkon jarl den mektige i Noreg fekk nyss om at ein av den norske kongsætta var komen til landa vestanfor havet. Han sende venen sin, Tore Klakka, for å undersøke. Det enda med at Tore Klakka sveik oppdraget sitt og rådde til at Olav skulle fare til farsarven sin i Noreg. Olav rusta då ut fem skip og segla aust over havet, året var 995. Først kom han til Orknøyane der Sigurd Lodvesson jarl let seg kristne, etter at Olav hadde truga med drap og herjing i jarleriket hans. Så segla han til Noreg og kom til lands ved Moster. Der vart det seinare bygt ei kyrkje.
På ferda inn i Trondheimsfjorden drap han mykje folk, mellom dei Erlend, sonen til Håkon jarl. Sidan kom bøndene til Olav, dei gleddest ved kvarandre og dei tok han straks til konge. Litt etter, eller om lag på same tida, hende det at at Kark træl drap Håkon jarl i grisebingen på Romol, og kong Olav drap deretter trælen.
Etter at Olav vart konge, heldt han seg lenge hjå frendane sine i Vika og heile Vika vart kristna. Seinare drog han til Rogaland og kristna folket der, og litt etter heldt han ting på Dragseidet på Stad og alt folket der let seg kristne. På denne tida kristna han òg bøndene i Ringerike, mellom dei Sigurd Syr og Åsta, kona hans, og han stod fadder til sonen hennar, Olav Haraldsson, som den gongen var tre vintrar gamal.
I 997 drog han i hop ei stor hær aust frå landet og segla nord til Tronheimen. Den sumaren og hausten kristna han alt folket i Trøndelag, han grunnla kjøpestaden Nidaros (Trondheim) og han let bygge eit stort langskip som han kalla Trana. På denne tida sende han presten Tangbrand (villstyring og drapsmann) til Island for å kristne landet. Våren etter (998) drog han med hæren sin til Hålogaland og heile landet vart kristna der han for. Det var på denne ferda han drap, først Tore Hjort og seinare Raud den ramme i Saltfjorden. Der tok han ovende mykje gods og gull, og han tok òg draken til Raud, storskipet som seinare var kalla Ormen stutte.
Kong Olav gifte seg to gonger i Noreg. Første gongen med Gudrun, dotter til den trøndske hovdingen Jarnskjegge, men ekteskapet varte berre ei natt. Seinare gifte han seg med Tyre Haraldsdotter, syster til den danske kongen Svein Tjugeskjegg, men utan kong Svein sitt samtykke.