Asta Graah Bolander () var ein norsk forfattar og dramatikar som skreiv skodespel, forteljingar og sakprosa.

Familie Asta Bolander var dotter av den danskfødde forretningsmannen og industrigründeren Knud Graah (1817-1909) og Helene Marie Conradi (1837-1866, ei dotter av professor Andreas Christian Conradi)."Norway Baptisms, 1634-1927," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWB5-372 : 10 February 2018), Asta Knudsen, 04 Feb 1861; citing ; FHL microfilm 255,750. Ho gifta seg 21. november 1889 med visekonsul og grosserar i Göteborg Carl Gustaf Bolander i Treeiningskyrkja i Oslo."Norway Marriages, 1660-1926," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWSP-HP4 : 10 February 2018), Carl Gustaf Bolander and Asta Graah, 21 Nov 1889; citing Trefoldighet Menighet, Oslo, Akershus, Norway; FHL microfilm 255,762.

Liv og virke Asta Bolander debuterte i 1890 med dramaet Folk, eit skodespel i tre aktar som vart oppført ti gonger same året på Christiania Theater, der Constance Bruun utmerkte seg i hovudrolla. Her er handlinga lagt til det same finansaristokratiet i Kristiania som ho sjølv tilhøyrde. Delar av forfattarhonoraret gav Bolander til pensjonsfondet til teateret. Folk utkom òg i svensk språkdrakt, og fekk premiere ved Stora Teatern i Göteborg i 1891.

I Bolanders siste utgjevingar formidlar ho sin kunnskap om den italienske renessansen. Ho heldt òg foredrag om dei politiske og kunstneriske tilhøva i Firenze. Ho belyste temaet nærare i artikkelen Lorenzo Ghiberti og bronzeprotene paa batteriet i Florenz, som vart publisert i Guldsmedkunst i 1924.

Forfattarskapen til Asta Bolander strekte seg over førti år, og trass den avgrensa produksjonen, utforska ho fleire sjangrar undervegs.

Verk 1890: Folk – skuespill i tre akter, Cammermeyer 1912: De syv eventyr – med illustrasjoner av Arnold Thornam, Aschehoug 1915: St. Peters nøkkel, Aschehoug 1918: Som træ om høsten, Aschehoug 1920: Grungs i Fossegaarden, Aschehoug 1927: Renæssancens Florens – av Mediciernes krønike, Aschehoug 1930: Siena – synderes og helgeners by, Aschehoug

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Asta Graah Bolander» frå , den 11. november 2021.

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet