Line Cecilie Verndal () er ein norsk skodespelar og programleiar.
Verndal vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 1995 og har jobba ved Oslo Nye Teater, Teateret Vårt i Molde, Rogaland teater, Dizzie Showteater, Riksteatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene i Bergen. Ho spelte Andrea Seierstad i NRK-serien Brigaden, Cecilie i Ulvesommer og Kine i Nissene på låven før rolla som Marit i NRK sin tv-serie Himmelblå.
I 2011 vann ho Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle for spelefilmen Limbo. I 2012 spelte ho rolla som Solveig mot Nikolaj Lie Kaas i den canadiske filmen Mad Ship. Ho har vore programleiar for Lines gode hjelpere og tre sesongar av Hele Norge baker for TV3. I 2014 deltok ho i Skal vi danse. I seinare tid har ho medverka som skodespelar i advokatserien Aber Bergen for TV3. Her har ho spelt rolla som advokat Diana Drange. Ho òg har vore instruktør for Kattateateret og Idunteatret i Stavanger og undervist i skodespelarteknikk på Westerdals ACT.
Filmografi
Filmar ÅrTittelRolle2012Mad ShipSolveig2011Varg Veum – Dødens drabanterCecilie2010LimboSonia Moe20075 løgnerAngela2003Kvinnen i mitt livVeronica2003UlvesommerCecilie2002Jeg er DinaGreta1997LivreddIrene1997Salige er de som tørsterBritt, Karin Borgs sekretær
TV-seriar ÅrTittelRolle2016-Aber Bergen (TV3)Diana Drange2013-Hele Norge baker (TV3)2011Nissene over skog og hei (TVNorge)Kine Messel2008–2010Himmelblå (NRK)Marit Pedersen2005Ved kongens bord (NRK)Oda Hagen2004Seks som oss (TV 2)Malin2003Tonight med Timothy Dahle (TV 2)Emilie Stray-Henriksen2002-2003Brigaden (NRK)Andrea Seiersted2002Lekestue (NRK)Jonathans mor2001Nissene på låven (TVNorge)Kine Messel1997Min Drømmeserie i Lille Lørdag (NRK)Benedicte
Kortfilmar ÅrTittelRolle2010Superhelter har ikke leggetidÅshild, Mor2004Deilig er jordenKvinne2002Regjeringen MartinNora2001Morgan Kane - Døden er en ensom jegerKvinne2001En engelRegissør assistent2000Første aktModell2001PepperKvinne1997Dag 1Kvinne
Prisar og nominasjonar
Gullruten 2009 – Nominert i klassen folkets Pris Gullruten 2009 – Nominert i klassen beste kvinnelige skuespiller – Himmelblå Gullruten 2010 – Nominert i klassen beste kvinnelige skuespiller – Himmelblå Kanonprisen 2010 – Nominert i klassen beste kvinnelige hovedrolle – Limbo Gullruten 2011 – Nominert i klassen beste kvinnelige skuespiller – Himmelblå Amandaprisen 2011 – Vant klassen beste kvinnelige hovedrolle – Limbo
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Line Verndal» frå , den 19. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skal vi danse-deltakarar Kategori:Norske skodespelarar