Eimear Quinn (irsk Eimear Ní Chuinn, ) er ein irsk songar som vann Eurovision Song Contest for Irland i 1996 med songen «The Voice». Dette var den sjuande sigeren til Irland i Eurovision Song Contest.
I 1995 vart Quinn med i den irske korgruppa Anúna, som turnerte internasjonalt og spelte inn to album: Omnis og Deep Dead Blue. I desember 1995 vart Quinn oppdaga av låtskrivaren Brendan Graham medan ho opptredde saman med koret. Han spurde ho om ho ville delta i Eurovision Song Contest med songen hans «The Voice». Quinn takka ja til tilbodet og vann seinare den internasjonale finalen i Oslo 18. mai 1996. Medan poenga tikka inn under avrøystinga, framførte ho delar av «Norwegian Wood» av The Beatles på sparket saman med programleiaren Morten Harket.
Quinn deltok òg under jubileumshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i 2005.
Quinn vart uteksaminert frå NUI Maynooth i Irland før ho vart profesjonell songar. I 2001 gav ho ut ei plate på Decca Classics som heitte Through the Lens of a Tear, og i 2006 gav ho ut samlealbumet Gatherings. I 2007 gav ho ut julealbumet O Holy Night
I 2006 las Quinn opp dei irske poenga under Eurovision Song Contest.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eimear Quinn» frå , den 20. november 2021.
Kategori:Irske musikarar Kategori:Folk frå Dublin Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Irske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1996-deltakarar