Norunn Magnhild Illevold Giske () er ein norsk songpedagog og kordirigent, busett i Trondheim.«Gratulerer». I: Adresseavisen 22. april 2005, s. 1185 års omtale i Aftenposten 22. april 2020Horg, Beate (2. mars 2004) «Ti år med sang og klang». I: Universitetsavisa Ho har oppretta og leidd fleire kor. I 2005 vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin.Nergård, Halldis (24. april 2005) «Norunns overraskelseskveld». Adresseavisen
Liv og virke Som fireåring fekk Giske den fyrste pianoundervisinga av mor si, som var utdanna organist og arbeidet som dette i Rendalen i mange år.Sande, Bård (2015) Giske har det meste av musikkutdanninga si frå Musikkonservatoriet i Oslo, der ho byrja då ho var 15 år. Ho studerte orgel med Arild Sandvold, klaver med Borghild Bru og song med Morten Vatn.Michelsen (1979) Ho vart uteksaminert i 1956 med orgel, klavar og song som hovudinstrument. I 1958 debuterte ho som skodespelar på Det Norske Teatret, i rolla som Anna i operetten Oh, mein Papa. I 1958–1959 studerte ho song i Wiesbaden i Tyskland, under Paul Lohmann. Ho har òg hatt studieopphald i Stockholm, København og London.
I perioden 1959–1962 budde ho i Bergen, der ho underviste i song, kordireksjon og klaver ved Bergen lærerskole. I 1962 song ho rolla som Constanze i operaen Bortførelsen frå Seraillet ved den dåverande Operaskolen i Bergen.
I 1962 flytta ho frå Bergen til Trondheim og vart knytt til seg den nystarta musikkundervisinga ved Noregs lærarhøgskule. Ho heldt fram å arbeida ved Musikkvitenskapelig institutt, seinare Institutt for musikk, ved NTNU, til ho gjekk av for aldersgrensa i 2005 som fyrsteamanuenis. Ho underviste i kordirigering, song og musikktolking.
I fleire år (1965–1972) var ho domorganist Ludvig Nielsens «høgre hand» i Nidarosdomen.[daud lenke]
Norunn Illevold Giske er mor til politikaren Trond Giske og musikaren Mari Giske.
Kor Norunn Illevold Giske starta sitt fyrste kor i 1966, då Trondheim Symfoniorkester (TSO) trong eit lokalt kor til sine operaproduksjonar. Dette vart starten på TSO-koret, som vart avvikla i 1997.Nordstrand, Jan (2002) «Preger trøndersk kormiljø». I: Adresseavisen, 14. desember 2002, s. 26
I 1976 stifta ho «Norunn Illevold Giskes Kor», med songarar frå Norges lærerhøgskole. Året etter skiftet dei namn til «Trondheim Kammerkor».Nordstrand, Jan (2002) «Preger trøndersk kormiljø». I: Adresseavisen, 14. desember 2002, s. 26 Koret eksisterte i 34 år og vann fleire internasjonale prisar, blant anna fyrstepris for blandakor i Franz Schuberts korkonkurranse i Wien og Montreux Choral Festival. Koret gav òg ut seks plater. I 2011 heldt koret avskjedskonsert.Hagen, Audun H.M. (2011) «Følelsesladet kor-avskjed». I: Adresseavisen 12. desember 2011, del 2, s. 3
Seinare starta ho Det Norske Mannskor, og i 1994 Damekoret Embla, som ho sjølv dirigerte til 2020. Då slutta ho etter eige ønske som dirigenten til koret, 85 år gammal. Koret har vunne ei rekkje internasjonale prisar.
Giske har organisert og innstudert kor for TSO i 44 år, frå 1966 til 2010. Etter at TSO-koret vart avvikla i 1997, danna dei tre kora til Giske Embla, Trondheim Kammerkor og Det Norske Mannskoret grunnstammen i kora som medverka ved operaoppsettingane og dei andre store vokalverka TSO framførte fram til 2010.
Ho har delteke på fleire plateutgjevingar, både som utøvande musikar og som dirigent.
Prisar og utmerkingar
2011: Æresmedlem i Ringve Museums Venner.«Nye æresmedlemmer i venneforeningen» I: Ringve-nytt, 2011, årg. 24, nr. 58 2011: Æresmedlem i Trondheim Kammermusikalske SelskapDugstad (2011) 2010: Æresmedlem i Norges KorforbundNorges Korforbunds omtale av æresmedlemmer og Korprisen (Besøkt 6. april 2014) 2006: Korprisen frå Norges Korforbund 2006: Alle-kan-synge-prisenBallade.nos omtale av tildelingen av Alle-kan-synge-prisen (Besøkt 6. april 2014) 2005: Kongens fortenestemedalje i gull 2001: DrivHuset Olavshallen AS' kulturpris 1999: Trondheim kommunes kulturprisFossbakken, Erlend (10. januar 2000) «Glad og rørt kulturprisvinner»Adresseavisen 1997: Adresseavisens hedersroseDamekoret Emblas nettsted (Besøkt 22. april 2015) 1995: Æresmedlem i FONOKO (Foreningen norske kordirigenter)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norunn Illevold Giske» frå , den 21. november 2021.
Litteratur
Giske, Norunn Illevold (1987). Korsang – en glede for mange. Musikklidenskapelig. Oslo: Solum. s. 37–40. ISBN 8256004754. (e-bok fra bokhylla.no) Michelsen, Kari (red.) (1979). Frostmann–Jolson. Cappelens musikkleksikon. Oslo. s. 94. ISBN 8202036860. (e-bok fra bokhylla.no)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Rendalen Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske dirigentar