Chantal Janzen () er ein nederlandsk skodespelar, musikalartist og tv-programleiar. Ho har hatt roller i nederlandske filmar som De Dominee, Volle maan og Deuce Bigalow: European Gigolo, og ho har leia Idols. Janzen spelte òg rollen som Belle i den nederlandske musikalversjonen av Skjønnheten og udyret og Jane i Tarzan. Ho starta seinare ein tv-karriere i den nederlandske kanalen AVRO der ho leia prisshowet Gouden Televizier-Ring Gala frå 2008 til 2010. I 2011 gjekk ho over til den kommersielle TV-kanalen RTL 4, der ho har leia program som Holland's Got Talent og The Voice of Holland. Janzen har vunne Televizier-Ster-prisen for beste tv-programleiar fem gongar. I 2020 skulle Janzen vore programleiar for Eurovision Song Contest frå Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden leia ho tevlinga i 2021.

Bakgrunn Janzen vart fødd i Tegelen og studerte seinare ved Amsterdamse Hogeschool voor de Kunsten. Ho vart undervist i dans, i sjangrar som klassisk, moderne, jazz og stepping. Ho vart òg undervist i skodespel, song og musikal.

Janzen har spelt i ei rekkje musikalar, blant andre Crazy For You, Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer, Saturday Night Fever, 42nd Street, Skjønnheten og udyret, Tarzan og Petticoat.

Janzen har òg hatt gjesteroller i tv-program som Baantjer, Intensive Care, De Band, Meiden van De Wit og Kinderen Geen Bezwaar. Ho har òg leia lottotrekninga Staatsloterij Live og nederlandske Idol. Janzen har òg spelt i ei rekkje filmar, blant andre De Dominee, Feestje, Deuce Bigalow: European Gigolo, Volle Maan, Alles is Liefde, Kicks og tv-filmen Loverboy. I desember 2002 slapp ho singelen «Achter De Sterren», tittelsongen frå filmen Science Fiction.

Janzen vann John Kraaijkamp Musical Award i 2002 i klassa «kommande talent» for rolla i Saturday Night Fever. Ho vann òg ein musikalpris i 2005 for beste skodespelar i ei birolle, for innsatsen i musikalen Crazy For You. Ho vart òg nominert til beste kvinnelege hovudrolle i 2006 for rolla som Belle i Skjønnheten og udyret, og fekk ein ny nominasjon i 2007 for rolla som Jane i musikalversjonen av Tarzan. På grunn av graviditet måtte ho mellombels tre ut av rolla frå september 2008 til april 2009. Ho vart erstatta av Bente van den Branden under permisjonen. Etter Tarzan spelte ho ei rolle i Disney Musical Sing-Along.

I 2011 avslutta Janzen engasjementet sitt for den nederlandske TV-kanalen AVRO og skreiv i staden kontrakt med RTL. I 2012 hadde Janzen ei rolle i tv-seriane Divorce og Goede tijden, slechte tijden. I 2019 hadde ho ei lita rolle i Goede tijden, slechte tijden. Janzen har òg vore programleiar for ei rekkje program, blant andre De Jongens tegen de Meisjes, Everybody Dance Now, It Takes 2, Time To Dance og The Voice of Holland. Ho har òg vore programleiar for Dance Dance Dance, All Together Now og Dancing with the Stars. Dei siste åra har ho òg vore jurymedlem i tv-program som Your Face Sounds Familliar, Holland's Got Talent og The Talent Project

I 2015 og 2016 var Janzen òg programleiar for den tyske versjonen av The Voice Kids og som jurymedlem i Superkids.

I november 2019 offentleggjorde nederlandske NPO at Janzen skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2020 frå Rotterdam i Nederland saman med Edsilia Rombley og Jan Smit. Men 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden leia ho erstatningsshowet Eurovision: Europe Shine a Light. I 2021 fekk Janzen leia Eurovision Song Contest saman med Edisila Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager

Filmografi

Film ÅrTittelRolle2002Volle maanAndrea2003LoverboyClaudia2003Pista!Heidi2004Fighting FishJennifer2004Feestje!Talita2004De DomineeAnna2005Deuce Bigalow: European GigoloSkandinavisk pornostjerne2007KicksDenise2007Shrek den tredjeSneeuwwitje2007Alles is LiefdeSarah2007EnchantedGiselle2009De Hel van '63Dieuwke Ferwerda2010Nanny McPhee and the Big BangIsabel Green2010Het geheimLaura Stikk2013SoofBob2014Pak van mijn hartJulia2017Het verlangenBrigitte Hooijmakers

Fjernsyn Som skodespelar ÅrTittelRolle2002ICEsther Goud2003BaantjerJulia Hendrikx2003De BandInge2005Meiden van De WitWendy2005De Lama'sSeg sjølv2005SamenIris Bestevaer2006Kinderen geen bezwaarSeg sjølv2007Katja vs De RestSeg sjølv2010–De TV Kantineulike roller, blant anna som: Helga Geerhart, Barbie, Melania Trump, Mariska Bauer2012Goede tijden, slechte tijdenGlinda2012–2016DivorceSophie Schaeffer-Bax2019–Kees & CoCoosje2019Goede tijden, slechte tijdenAnnelies de Heer Som programleiar eller jurymedlem ÅrTittelMerknad2003D'r op of d'r onderjurymedlem2005–2006Idols 3programleiar med Martijn Krabbé2005–2006Staatsloterij Liveprogramleiar med Carlo Boszhard2006Staatsloterij €100.000 Showprogramleiar med Carlo Boszhard2006–2007Ranking the [email protected]–2010Uitmarkt Musical Sing-Alongprogramleiar med Frits Sissing2008–2009Het Pink Ribbon Galaprogramleiar2008Joseph Backstageprogramleiar med Renate Schutte2008–2010Gouden Televizier-Ring Galaprogramleiar2008Chalet Chantalprogramleiar2009Zóóó 30programleiar med Ruben Nicolai2008–2009Het hofvijverconcertprogramleiar2009Wie is mijn ex?programleiar2009RTL Boulevardprogramleiar2009Uitreiking Gouden Loekieprogramleiar2009Mies 80!programleiar2009-2010Weten zij veel!?programleiar2010Op zoek naar Freek … met Chantalprogramleiar2010Backstage bij Petticoatdokumentar2011-2017De Jongens tegen de Meisjesprogramleiar med Tijl Beckand2011Zie Ze Vliegenprogramleiar med Carlo Boszhard, Irene Moors og Gordon2011Sunday Night Feverprogramleiar2012Beat the Bestprogramleiar med Gordon2012Your Face Sounds Familliarjurymedlem2013–2015Everybody Dance Nowprogramleiar2013–Holland's Got Talentjurymedlem2014Het beste van Holland's Got Talentprogramleiar2014Beatrix, Met Hart en Zielprogramleiar2014Billy Elliot: Van Auditie Tot Applausprogramleiar2014–2017Chantal blijft slapenprogramleiar med2014-2016The Voice Kidsprogramleiar med Thore Schölermann2015Carlo's TV Caféprogramleiar med Carlo Boszhard2015–2018Dance Dance Danceprogramleiar med Jandino Asporaat (sesong 1–3), og med Humberto Tan (sesong 4)2015Superkidsjurymedlem2015–2016Het Collectief Geheugenpresenter2016It Takes 2programleiar med Gordon2017Janzen & Van Dijkprogramleiar med Wendy van Dijk2017&Chantalprogramleiar2017-hedenChantal komt werkenprogramleiar2018Doe het lekker zelfprogramleiar2018Time to Danceprogramleiar med Jamai2018The Talent Projectjurymedlem2019The World's Bestjurymedlem2019–All Together Nowprogramleiar med Jamai Loman2019–Chantals Pyjama Partyprogramleiar2019–Dancing with the Starsprogramleiar med Tijl Beckand2019–The Voice of Hollandprogramleiar med Martijn Krabbé2020Eurovision: Europe Shine a Lightprogramleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager2021Eurovision Song Contest 2021programleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager

Musikalar MusikalÅrMusikalRolleMerknader2000–200142nd StreetLorraine Fleming / Understudy Peggy Sawyer2001–2003Saturday Night FeverStephanie ManganoJohn Kraaijkamp Musical Award 2002 for nytt talent2003–2004Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer?Lidwientje Walg2004–2005Crazy For YouPatsy / 1st understudy Polly BakerMuskalpris for beste birolle2005–2007Skjønnheita og UdyretBelle2007–2009TarzanJane2010–2011Petticoat!Patricia «Pattie» Jagersma2011–2012WickedGlinda2012–2015Hij Gelooft in MijRachel Hazes

Privatliv Janzen er gift med Marco Geeratz, og paret har to barn: James, fødd i 2009; og Bobby, fødd i 2018. Geeratz har i tillegg tre barn frå eit tidlegare forhold.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Chantal Janzen» frå , den 22. november 2021.

Kategori:Nederlandske skodespelarar Kategori:Nederlandske programleiarar Kategori:Idol-programleiarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar