mini|Melkeveien av Frida Hansen. 1898 Frederikke «Frida» Bolette Hansen () var ein norsk biletvevar, med tekstilarbeid i art nouveau/jugendstil.erlingjensen.net Frida Hansen. Besøkt 26. desember 2011 Ho er karakterisert som ein brubyggar mellom norsk og europeisk biletvev, og fleire av hennar vevkomposisjonar vert rekna blant dei beste som er laga innan nyare europeisk tekstilkunst.Knut Berg: Norges kunsthistorie 5..., s.423 Ho vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1915.
Arbeid av Frida Hansen er i eige hos ei rekkje musé, blant anna hos Nasjonalmuseet i Oslo, Jugendstilsenteret i Ålesund, Drammens Museum, Stavanger kunstmuseum, KODE i Bergen, Nordiska museet i Stockholm, Victoria and Albert Museum i London og Museum für Kunst und Gewerbe i Hamburg.
Yngre år Frida Hansen var dotter av Mathilde, fødd Helliesen (1824–1915), og Peter Sickerius Petersen (1811–1875). Faren dreiv saman med broren Frederik Petersen det kjende handelshuset Køhler & Co, som var eit av dei største i Stavanger. Frida og dei to eldre systrene hennar voks opp i Stavanger. I vintermånadene budde familien i sentrum, medan dei heldt til sommarmånadene på den storslegne eigedomen til familien i Hillevåg. Familien tilhøyrde utan tvil det øvste sosiale sjiktet i Stavanger.
Skulegang fekk Frida på Frøken Wieses jenteskule, og då ho tidleg fatta interesse for kunst, gav foreldra ho høve til å gå i måle- og teiknelære hos m.a. Kitty Kielland, Elisabeth Sinding og Johan J. Bennetter. Utanlandsstudiar skulle ho få etter attenårsdagen sin. Men før den tida vart Frida forlova med Wilhelm Severin Hansen (1842-1919), bror til malaren Carl Sundt-Hansen, son av disponenten for handelshuset Ploug & Sundt.
I 1874 vart bryllaupet feira med pomp og prakt. Same år vart Wilhelm disponent for Ploug & Sundt. Allereie året etter døydde far til Frida, og Wilhelm Hansen vart dermed òg leiar for handelshuset Køhler & Co. Dei nygifte flytta inn i Køhlerhuset i Hillevåg.Leithe & Ueland (2015): s. 13-14. Dei fekk to døtrer og ein son, samstundes som dei utvida gardsdrifta, bygde skule for barna til dei tilsette barn og bygde på hovudhuset med ein ekstra etasje. I denne perioden kan ein enno ana Frida Hansens kunstneriske interesser, både i form av medlemskap i ulike kunstsamskipnader, men òg – og kanskje først og fremst – gjennom hagen på Køhlereigedommen. Det vert fortalt om sjeldne og eksotiske planter, innhegningar med påfuglar og papegøyar, akvarium med skjelpadder og rare fiskar. Hagen vart halden open for publikum.Thue (1986): s. 9-15.
Utover 1870-talet opplevde verda ei stor økonomisk krise som av historikarar ofte vert kalla den lange depresjonen. Stavanger var inkje unntak. Sjølv om byen hadde opplevd konjunkturomslag tidlegare, viste denne krisen seg vanskelegare å koma seg ut av. Dette gjaldt òg for familien Hansen. Feilinvesteringar gjorde at begge handelshusa gjekk konkurs i 1883, og familien måtte straks forlata eigedomen i Hillevåg.
Saman med mora, systera Marie og dei tre borna flytta Frida til Nedre Strandgate 25. Der livnærte dei seg på den vesle livrenta etterlaten til systera, medan Wilhelm drog utanlands for å søkja arbeid i den veksande gruveindustrien. I løpet av dei første to åra etter konkursen mista Frida og Wilhelm både sonen og den eine dottera. Frida starta leitinga etter eit inntektsgjevande arbeid. I folketeljinga i 1885 står ho oppført med broderiforretning i første etasje i Strandgata.Leithe & Ueland (2015): s. 14
Til broderiforretninga fekk Frida Hansen ein gong eit gammalt åkle til reparasjon. Ho var frå før kjent med dei gamle norske vevnadane, spesielt gjennom svogeren Carl Sundt-Hansens samling. Åkleet som vart innlevert til forretninga hennar, begeistra ho. Då kvinnesakskvinna Randi Blehr ikkje lenge etter tok initiativ til eit kurs i Sogn i dei gamle vevteknikkane, med Kjerstina Hauglum som lærar, vart Frida Hansen med. Her fekk ho kunnskap om den tradisjonelle oppstadveven, som ho straks skaffa seg. Men før ho kunne byrja å veva, trong ho garn. Det tradisjonelle ullgarnet var bra nok, men fargane tilfredsstilte ikkje hennar krav. Ho starta difor å søkja etter dei gamle plantefargane, ein leit som sende henne rundt til dei gamle konene på Jæren og i Ryfylke på jakt etter oppskrifter. Då ho hadde funne dei tre primærfargene blå, raud og gul, utvikla ho heile fargeskalaen og starta så sitt eige fargeri. Seinare utvida ho fargarverksemda, fekk elevar til å hjelpa seg med vevinga, og i 1890 opna ho sitt første atelier i Stavanger: «Fru Hansens Atelier for haandvævde norske Teppe». To år seinare, i 1892, var Frida Hansen allereie eit kjent namn innanfor tekstilkunsten. Ho flytta til Kristiania og starta eit veveri på Tullinløkka med storstilt produksjon, i tillegg til at ho arrangerte vevkurs og dreiv konsulentverksemd.Thue (1986): s. 18-23
Studietur til utlandet Utover 1890-åra utvikla Frida Hansen verksemda og kunstnarskapen sin. På leiting etter ny kunnskap og inspirasjon drog ho i 1895 på ein studietur, først til Köln og sidan til Paris. Ingen akademi aksepterte kvinnelege studentar på denne tida, og difor var privatundervising den einaste måten Hansen kunne utvikla seg på som kunstnar. I Köln studerte ho teikning på den offentlege teikneskulen. Ho studerte òg tysk seinmellomalderkunst, ein periode som hadde eit formspråk som eigna seg svært godt til hennar tekstilarbeid. Paris-besøket vart viktig for Hansen på mange måtar. Her teikna ho aktar, truleg hos blant andre den kjende malaren Puvis de Chavannes.
Like viktig som kva ho gjorde på studiereisene sine, er kva ho såg. I Europa var den rådande kunstretninga i ferd med å endra seg, frå det nasjonale og tradisjonsbundne til symbolisme og art nouveau/jugendstil. I Paris i 1895 florerte «den nye stilen», og den velkjende, dekorative plakatkunsten frå denne perioden var å sjå overalt i byen. Ein kan gå ut frå at Frida Hansen i Paris blant anna såg arbeid av Eugène Grasset, Alphonse Mucha og Paul Berthon. Same året opna òg galleriet som seinare gav namn til perioden; Maison de l'Art Nouveau. Det er att fleire kolteikningar frå hennar opphald i Paris, og ein finn òg dei første skissene til det velkjente biletteppet Melkeveien (1898).Thue (1986) s. 43
Det norske Billedvæveri I 1897 etablerte Frida Hansen og Randi Blehr «Norsk Aaklæde- og Billedtæppe-Væveri» (NABV), som frå 1899 endra namn til «Det norske Billedvæveri A/S» (DNB). Frida vart dagleg leiar med over 20 tilsette. Randi Blehr sat i styret til aksjeselskapet, saman med m.a. Gunnar Knudsen og Axel Heiberg. NABV hadde i tillegg ein kunstjury med betydelege medlemmar som Eilif Peterssen, Otto Sinding og Harriet Backer. Veveriet produserte ikkje berre teppa til Frida Hansen, men laga òg mønster, biletteppe og andre tekstilarbeid, i tillegg til at dei tok oppdrag frå andre kunstnarar.Lethe & Ueland (2015) s. 16
Veveriet fekk sitt store gjennombrot på Bergensutstillingen i 1898. Utstillinga var ei nasjonal mønstring for blant anna husflid og kunsthandverk. NABV viste fram heile 26 arbeid, alt frå løparar og puter til Frida Hansen sitt store biletteppe Melkeveien (1898). I Melkeveien kan ein sjå seks kvinner med glorie og lette kvite gevant. Kvinnene vandrar diagonalt over den mørkeblå, stjernekledde bakgrunnen medan dei held oppe eit stjerneslør. Stjernesløret er vår galakse – Mjølkevegen. Nedst er motivet avslutta med eit lysegrønt felt med ei hebraisk tekst frå 1. Mosebok, vers 15. I omsetjing lyder denne teksta:: «Og det skal vera til lys på himmelkvelvingen, til å lysa over jorda. Og det vart så.» NABV og Frida Hansen fekk tildelt ein gullmedalje på utstillinga i Bergen.Thue (1986): s. 59-65
Transparentteknikken Den 2. november 1897 fekk Frida Hansen løyve til patent på transparentteknikken. Denne teknikken har såkalla open ornamentering, det vil seie at mønsteret vert laga med innslag på opne renningstrådar. Felta der berre desse vertikale renningstrådane synest, gjer at lyset slepp gjennom, og det vert skapt ein spesiell visuell effekt. Vevnaden kan opplevast som gjennomsiktig, transparent. Til transparentteknikken sin brukte Hansen ei tvinna ullrenning, som hadde ei betre friksjonsevne enn anna garn. Teknikken eigna seg svært godt til portierar (forheng) og gardiner, og i motsetnad til biletteppa var transparentane meint å ha ein praktisk funksjon. Frida hausta stor heider for denne teknikken, blant anna på Verdsutstillinga i Paris i 1900, der teppa og portierane vart svært populære. I Paris fekk DNB ein gullmedalje for sin kolleksjon, og Hansen fekk gullmedalje for kunstnerisk verksemd.Thue (1986) s. 80
Seinare år I 1904 fekk Frida Hansen bygd eit herskapeleg hus med eige atelier på Bestum i Kristiania. På denne eigedomen fekk ho endeleg ein ny hage. Blomane og naturen var stadig ei stor kjelde til inspirasjon. I 1905 vov ho biletteppet Semper Vadentes, som førestiller fire relativt like kvinner som vandrar gjennom eit landskap dekte av blomar og stiar på kryss og tvers. Kvar kvinne har eit attributt i hendene; høvesvis ein pose, eit lys, eit smykke og ein blomsterbukett. Nedst i ramma som omkranser motivet, er eit felt med tekst på latin: «Semper Vadentes, Semper Agentes. Semper e natu in vitam ad aeternum. Domine.» På norsk vert det følgjande: 'Alltid lidande. Aldri kvilande. Bort frå vogge, du i livet, inn i æva. O Herre.' Frida Hansen sa sjølv at teppet tematiserte den rastlause vandringa til mennesket.Gudmundson (2015): s. 34-36 Ifølgje familien hennar var det dette biletteppet Frida Hansen sette høgast av alle ho laga. Dette kan ha samanheng med at då teppet i 1906 vart stilt ut i salongen i Paris, vart ho innvald som Associée ved Société Nationale des Beaux-Arts. Ho fekk då rett til å stilla ut på salongen utan førehandsjuryering, noko som var ein sjeldan kunstnerisk heider. Same året vart DNB oppløyst.Thue (1986): s. 106-107
Både på den store tekstilmønstringa på Kunstindustrimuseet i Kristiania i 1913 og på Jubileumutstillinga året etter deltok Frida med sine teppe og portierar. I samanheng med desse to utstillingane vart tydinga hennar for den norske vevrenessansen framheva. Ikkje berre gjaldt heideren dei arbeida ho hadde skapt sjølv, men òg arbeid med dei mange elevane hennar på atelieret. I 1915 mottok ho Kongens fortenestemedalje i gull.Thue (1986): s. 112-118
Dei siste åra arbeidde Hansen vidare med transparentteknikken. Dei store biletteppa vart det færre av. Det siste ho arbeidde med var Olavteppet, som vart laga i høve 900-årsjubileet for kristninga av Noreg. Opphavleg vart teppet bestilt av eit amerikansk museum, og sagamotivet ein finn her var utypisk for Hansen. Ho brukte to år på kartongane til teppet, og i 1927 byrja ho å veva. Hovudmotivet er Olav den heilage som kneler i sentrum av teppet, omkransa av representantar frå staten og kyrkja. I bakgrunnen kan ein sjå fjell og Folgefonna, og inn frå venstre ser ein drakehovudet på eit vikingskip. Øvst har Hansen igjen vove inn ei tekst, denne gongen eit vers frå Welhaven sitt dikt om Heilag-Olav:
Hellig Olav stod ved fjord med sin hær Pinsefesten var for hånden Alskens løs og blomster artede seg der Fagert under Folgefonnen.
I tillegg er det vove inn tekstar på latin på dei to sidebanda som på norsk tyder «Alltid herskande og alltid bedande» og «Heilag Olav Noregs konge».
Frida Hansen døydde i Oslo 12. mars 1931 og vart gravlagd på Ullern kyrkjegard. Olavteppet var enno under arbeid då ho døydde, og dottera Signe Djurhus Levy fullførte den øvste delen av teppet. I 1934 vart det utstilt i andre etasje i Blomqvist Kunsthandel i Oslo.
Det var Frida Hansen sitt ynskje at Olavteppet skulle falla til heimbyen hennar Stavanger, og gjennom ei innsamling i byen i 1934 vart teppet innkjøpt og skjenkt til Domkyrkja.Thue (1986): s. 122 Stavanger heidra henne med Frida Hansens vei og Frida Hansens hus i bydelen Hillevåg der ho voks opp.