Laura Anna Sophie Müller Kieler () var ein norsk forfattar som er kjend for vennskapen sin med Henrik Ibsen og tilknytinga si til Et Dukkehjem (1879).Bull, Francis: Norges litteratur fra februarrevolusjonen til første verdenskrig. Oslo: Aschehoug, 1963, s. 771.

Bakgrunn Laura Kieler voks opp på Øvre Lø gard i Steinkjer frå 1853, som dotter av fut/magistrat Morten Smith PetersenKieler, Laura; steinkjerleksikonet.no og kona hans Anna Hansine Müller."Norway Baptisms, 1634-1927", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHLY-F24 : 21 February 2020), Laura Anna Sophie Muller Mortensen, 1849 Straks futen kom til Inderøen fogderi, starta han arbeidet med å skaffa Steinkjer status som ladestad, og kong Oscar underskreiv loven om ladestadstatus 7. mai 1857. Kort tid etter at futen døydde i 1872 vart han sikta for underslag, og vart dømd skuldig etter ein svært lettvint rettssak.

Øvre Lø gard der futen hadde busett seg med familien, fekk karakteristikken «måtelig» i 1854. Amtmannen oppnemnde eit utval for å vurdera garden. Dei kom til at jorda var dårleg, skogen vanskjøtta og husa nærast falleferdige; taka lak, og dyra var sette bort på ein annan gard. Laura fortalde om Øvre Lø at ein måtte henta vatnet i ein brønn langt unna, og om kva foreldra hadde gjort: «Trærne i alléen har min far plantet, liksom granhekker langsmed havegjerdet. Den veien som gikk fra Kongeveien opp til Lø gikk over den lave fryktelige myr og var så elendig, ja ufarbar, at folk som skulle til fogdkontoret knapt ville våge sine lemmer på kjøreturen. (…) Haven har min mor anlagt. Det var ikke en blomst, en busk eller et tre, der var kun sand og atter sand. Ingen grøft var gravet slik at det kunne bli avløp av 'myrvannet'.» Ifølgje folketeljinga i 1865 var Øvre Lø vorte ein mønstergard. Etter Petersens nitten år på garden var verdien til garden firdobla.

Som barn i fogdegården hadde Laura den jamgamle Hilma Tranaas som «selskapsdame», leikekamerat og tenestejente. Hilma vart seinare gift med lensmann Carl Odin Hench i Mosvik, og Laura gav ei minnebok som gåve til dottera deira i 1894.Morten Olsen Haugen. «Helga Henchs minnebok» i: Årbok for Mosvik 2016

Futen hadde ingen private middel og døydde fattig. Den 26. juni 1872, tre månader etter at han var død, vart det halde auksjon på Øvre Lø. Sal av innbu og lausøyre fekk inn 650 spesidaler til amtet. Garden vart seld på auksjon i oktober 1873. Då var Laura og mor hennar flytta til Danmark. Advokaten og stortingsmannen Ole Anton Qvam skreiv til Stortinget og foreslo at nokre av pengane burde gå til enka og dottera, men det vart avslått. Futen, som var utdanna jurist, hadde sett det som si oppgåve å utvikla Steinkjer. «Min far brukte alle sine penger og all sin energi på Øvre Lø», skreiv dottera seinare, og det vert stadfest av dei historiske dokumenta.http://v1.steinkjerkunnskapsportal.no/egge/index.php?art_id=812 Etter at grava hans vart påvist, fekk historielaget i Steinkjer reist ein ny gravstein til byen sin 150-årsjubileum i 2007.

Modell for Nora og Irene mini|Skikkelsar i Når vi døyde vågner. Laura Kieler utgav allereie 20 år gammal Brands Døtre, et Livsbillede af Lili (1869) for å roa alle «enkle mennesker i troen» som var kome i andeleg naud etter at Ibsen gav ut Brand. I forteljinga si utstyrte ho Ibsen med to døtrer, Maria og Helga. Alf og Agnes døyr i skodespelet hans, men hjå Kieler lever presten Brand vidare med dei to døtrene sine. Maria er den godmodige om gir far sin ein lys og forsona alderdom.Å skrive skuespill - et ekte mannfolkarbeid? Kieler sende boka si til Ibsen, som skaka ho med å svara at stykket for han var «mer estetisk enn religiøst i sin problematikk». Religionen var tilfeldig vald for å passa inn.Steen A. Cold: Laura Kieler i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 23. juli 2019 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=292546 Men brevet til Ibsen inneheldt òg ein vennleg invitasjon til å vitja han og familien i Dresden i 1871. Ibsen sitt kjælenamn for Laura Kieler kjem att i Et dukkehjem - han kalla ho «lerkefuglen».Et dukkehjem: En kvinne som Nora - Laura Kieler (1849-1932)

Ho og mora var flytta til København i 1872, og året etter vart ho dansk gift med Victor Kieler, som var overlærar ved Frederiksborg lærde skole.http://www.rostra.dk/fss/laerere/KielerVTJ.html I 1876 var Laura Kieler på veg heim etter eit lenger opphald i Italia. Undervegs vitja ho familien Ibsen i München, men traff berre kona til Ibsen, Suzannah. Laura Kieler trudde seg til ho at dei hadde vore så lenge i Italia fordi mannen var sjuk av tuberkulose og måtte til eit sørleg klima for å verta frisk igjen. Eit slikt opphald hadde han slett ikkje råd til, men den handlekraftige Laura hadde teke opp eit lån, utan å fortelja han det - noko ei gift kvinne ikkje hadde lov til. Men Victor Kieler fekk tilbake helsa under utanlandsoppholdet, og Laura meinte ho skulle greia å tena nok på bøkene sine til å tilbakebetala lånet. Det klarte ho ikkje, og måtte ta opp endå eit lån. Etter kvart vart situasjonen desperat. Ho bad difor Ibsen om hjelp til å få utgjeve ein av romanane sine, men han nekta å leggja sitt namn til ei bok han meinte var dårleg. Dermed kom sanninga om lånet for ein dag, og Victor Kieler hadde inga takksemd mot kona si. Tvert om forlangte han skilsmisse og nekta henne samvær med borna. Laura fekk eit samanbrot og var ein månad innlagt på eit psykiatrisk sjukehus, etter det amtmannen i Hillerød kalla «en unødig brutal prosess».Steen A. Cold: Laura Kieler i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 21. juni 2019 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=292546 Eit par år seinare angra mannen seg og bad ho koma heime igjen, og dette godtok ho for å få vera saman med borna sina. Men så kom Et dukkehjem ut i 1879, og fordi historia til Laura Kieler var velkjend i København, rippa det opp i den ulykkelege fortida hennar. Ho prøvde å få Ibsen til å skåna henne ved å gå ut med ei offentleg nekting av at ho hadde vore modell for Nora - men det ville ikkje Ibsen.Et dukkehjem: En kvinne som Nora - Laura Kieler (1849-1932)

I 1891 oppsøkte Laura Kieler Ibsen for siste gong og klandra han for at han hadde misbrukt kunnskapen sin om livet hennar i Et Dukkehjem. Dette besøket vert sett på som ei viktig inspirasjonskjelde til det siste skodespelet hans, Når vi døde vågnerHenrik Ibsens skrifter: Når vi døde vågner frå 1899, om bilethoggaren Arnold Rubek og den tidlegare modellen hans Irene. Rubek vert hylla for skulpturen sin «Oppstandelsens dag», som Irene har stått modell for. Han gjengjeldte aldri kjærleiken hennar, men gifta seg med ei anna kvinne. På eit badehotell møter han Irene igjen; ho er no skild, har vore innlagt som sinnssjuk og gjev han skulda for at livet hennar er øydelagt. Fleire replikkar frå den siste samtale mellom Ibsen og Kieler skal angiveleg gå att i stykket, og dei nordlandske språktrekka til Irene kan kjennast att som Laura Kielers.Steen A. Cold: Laura Kieler i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 21. juni 2019 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=292546

Forfattarskap Kieler sine romanar André fra Kautokejno (1879) og Laurekas Korhoinen (1881) har motiv frå Nord-Noreg, men seinare skreiv ho for det meste om danske emne. Ho var særleg oppteken av situasjonen til danskane i Sønderjylland. Min Broder Amtmanden om skjebnen til faren utkom i 1882, og skodespelet Mænd af Ære (1890) var eit innspel i den samtidige sedelegheitsdebatten ved skildringa si av ein skruppellaus ung forfattar som forfører ei idealistisk kvinne.Kieler, Laura; nordicwomensliterature.net Etter å ha forlate henne, vinn han ry med skildringa si av fallet hennar - som ikkje kjem av det seksuelle tilhøvet deira, men fortvilinga hennar over sviket hans. Historia låner trekk frå Ibsen sin bruk av Kieler sjølv som bakgrunnsmateriale då han skreiv Et dukkehjem. Mænd af ære ergra mannlege kritikarar i København, med Georg Brandes i spissen, såpass mykje at ein av dei var infam nok til å signera meldinga si som «Helmer» - som ei påminning om nettopp Laura Kieler sin eigen tragedie.Å skrive skuespill - et ekte mannfolkarbeid?

Som foredragshaldar halde ho meir enn 1 000 foredrag, spesielt om den danske forsvarssaka og Sønderjylland, som skildra i romanane Sten Stensen til Stensbo og Han faldt ved Helgoland.Laura Kieler på Dansk kvindebiografisk leksikon I I en lysengels skikkelse tok ho opp pietismen som ho hadde vore vitne til under oppveksten i Steinkjer. Hovudpersonen Birger gjennomlever ein forkvakla oppvekst som son av ein pietistisk prest; han vert òg sjølv prest.Tidsskriftprojekt - Søgning

Kieler var dansk utsending til Den internasjonale kvinnekongressen i Chicago i 1893. Ho skreiv ca. 30 litterære verk og var ein ivrig debattør i tidsskrifta til kvinneorganisasjonane.Laura Kieler på Dansk kvindebiografisk leksikon I heimbyen Steinkjer er ein veg kalla opp etter henne.Laura Kieler vegen

I ettertid Odd Birger Grønli skreiv bok om Laura Kielers liv, I skyggen av Nora, i 1999, med utgangspunkt i ein serie radioprogram for NRK Trøndelag.Laura fra Lø, nrk.no Boka vart dramatisert som ein monolog med namnet «Laura fra Lø», og vart vist på Nord-Trøndelag Teater i 2003 og med tittelen «I skyggen av Nora» på Nationaltheatret i 2008. Anitra Eriksen spelte Laura.Kieler, Laura; steinkjerleksikonet.nonationaltheatret.no

Lega Jørgen Kieler var etterkommar av Laura.https://www.berlingske.dk/samfund/modstandsmanden-joergen-kieler-er-doed

Lunde, Inger-Margrethe (2006) Gi meg navnet mitt tilbake (skuespill), Solum forlag, Oslo

Lunde, Inger-Margrethe (2009) Mitt navn er ikke Nora (biografi), Arneberg forlag, Oslo.

Bibliografi

1869: Brands døtre – et Livsbillede af Lili, Cappelen, Christiania 1875: Skitser, Schønberg, København 1876: Everil, Schønberg, København 1879: André fra Kautokejno – en fortælling fra Ultima Thule, Schønberg, København 1881: Laurekas Korhoinen – en fortælling fra Ultima Thule, Schønberg, København 1882: Min Broder Amtmanden, Schønberg, København 1886: En Oppositionsmand, Schønberg, København 1887: Silhouetter, Milo, Odense 1890: Mænd af Ære, skuespill i tre akter, Cappelen, Kristiania 1892: I en Lysengels Skikkelse, Wroblewski, København 1894: Han faldt ved Helgoland, Wroblewski, København 1895: Paa Post!, Milo, Odense 1895: Festskrift udgiven i Anledning af Kvindernes Udstilling fra Fortid og Nutid i København 1895, sammen med J. Blicher-Clausen og Johanne Schørring, Odense 1897: Kvindernes Udstilling, Kvindernes Bygning og Dansk Kvindesamfund, udgivet i Anledning af Kammerherreinde Oxholms Aktmessige Fremstilling af Præsidentskiftet og Dansk Kvindesamfunds fem og tyve Aars Jubileum, Andersen, København 1901: Dit Folk skal være mit Folk – en Ægteskabssaga fra Sønderjylland, Hagerup, København 1903: Karen Jürgens til Egtved – en fortælling fra Sønderjylland, Hagerup, København 1904: Sten Stensen til Stensbo, Hagerup, København 1906: Hvem kastede den første Sten, Hagerup, København 1907: Sole – en Historie om et gammelt Hus, Hagerup, København 1908: Hvorfor jeg skrev «Sole», Hillerød 1909: Det Stenholt Gods – et Sagn fra Stormnatten 1659, Hagerup, København 1909: Familjen paa Skovbohus, Hagerup, København 1910: Højvarden, Hagerup, København 1910: Sønderjyske Børn efter 1864, illustrert av Luplau Janssen, Hagerup, København 1912: Knut Harder – Skaaningen i Dybbølskansen, Hagerup, København 1915: Kong Erin, Hagerup, København 1918: Et knippe Aks – fra den murmanske Kyst til det stille Hav, Hagerup, København

Omsette utgjevingar

1881: André från Kautokejno (svensk) 1882: André Kautokeinolainen (finsk utgave av André fra Kautokejno) 1899: Auf Posten! (tysk utgave av Paa Post!) 1901: Sinun kansasi on minun kansani (finsk utgave av Dit Folk skal være mit Folk) 1901: Laurekas Korhoinen (tysk utgave) 1904: Ditt folk skall vara mitt folk (svensk) 1906: Mein Volk sei dein Volk (tysk utgave av Dit Folk skal være mit Folk)