Jendrik Sigwart () er ein tysk songar og låtskrivar. Han representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland med låten «I Don’t Feel Hate».
Bakgrunn Sigwart vart fødd og voks opp i Hamburg som den nest eldste i ein syskenflokk på fire. Allereie som barn byrja han å spele fiolin og piano. Etter å ha fullført vidaregåande skule studerte han musikalteater ved Hochschule Osnabrück. Han har skrive fleire eigne songar, både for vokal og favorittinstrumentet hans ukulele.
Då speleoppdraga ikkje kom i 2020 på grunn av koronaviruspandemien, brukte Sigwart i staden tida på å skrive ein song og produsere ein musikkvideo til han. Han la ut ein humoristisk post på TikTok og Instagram under mottoet: «How to make a Musikvideo».
Sigwart hadde drøymt å delta i Eurovision Song Contest, noko han fortalde om i fleire av videoane sine på sosiale medium. Hausten og vinteren 2020–2021 deltok han i uttakingsprosessen for å verta den tyske representanten i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Blant rundt hundre deltakarar vart Sigwart vurdert av to uavhengige jurygruppar, og til slutt vald til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest. Den tyske kringkastaren offentleggjorde deltakinga i februar 2021, og låten «I Don't Feel Hate» vart offentleggjort 25. februar. I Eurovision Song Contest enda Sigwart nest sist i finalen, med berre 3 poeng frå juryane og 0 frå sjåarane.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Jendrik Sigwart» frå , den 2. desember 2021.
Kategori:Tyske songarar Kategori:Tyske musikarar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-låtskrivarar Kategori:Folk frå Hamburg