mini| Snegurotsjka, måleri frå 1899 av Viktor Vasnetsov. mini|Julekort frå før 1917 Snegurotsjka, på russisk Снегурочка, norsk 'Snøjenta', er i russisk jule- og nyttårstradisjon medhjelparen til Ded Moroz - 'Bestefar Frost'. Ho er barnebarnet til Ded Moroz, og skulle i dei sovjetiske åra fyrst og fremst bli knytt til nyttår, sidan jula som kristen høgtid ikkje skulle feirast i det kommunistiske samfunnet. Snegurotsjka vert oftast framstilt som kledd i ein lang, vakker og sølvkvit eller blåkvit vinterkappe av pels; i nyare tid av og til i ein vinteroverall i same farge.

Snegurotsjka vart stadig vanlegare i russiske eventyr på 1800-talet og var populær i denne seinare delen av tsartidas Russlands år, og kan ikkje daterast til eldre slavisk mytologi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Snøpiken» frå , den 5. desember 2021.

Litteratur

Märchen der russischen Schriftsteller. Verlag Prawda, Moskau 1985, Übersetzung aus dem Russischen: Oksana Fedotowa, 2005 Russische Märchen. Königsfurt-Verlag 2006, Übersetzung aus dem Russischen: Sigrid Früh, Paul Walch (enthält die Version nach Chudjakow)

Kategori:Snø Kategori:Russisk kultur Kategori:Julefigurar