«Amen» er ein popballade frå 2021, utgjeven av den slovenske artisten Ana Soklič. Ho har skrive låten saman med Bojan Simončič, Žiga Pirnat og Charlie Mason. Låten hadde premiere 27. februar 2021 og var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.
Eurovision Song Contest Etter å ha vunne den slovenske musikktevlinga EMA 2020, skulle Ana Soklič ha representert Slovenia i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Voda». På grunn av koronaviruspandemien vart Eurovision Song Contest avlyst, og den slovenske allmennkringkastaren RTVSLO vedtok at Soklič skulle få representere landet i Eurovision Song Contest 2021.
Sommaren 2020 starta RTVSLO arbeidet med å finne bidraget til 2021. Til saman kom det inn 191 bidrag. Gjennom fleire avrøystingsrundar vedtok ein jury, saman med Ana Soklič, at songen «Amen» skulle vere det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest 2021. «Amen» hadde premiere i ei spesialsending på RTVSLO laurdag 27. februar 2021.
Eurovision Song Contest «Amen» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai 2021, der den fekk 44 poeng og vart nummer 13. Han vart dimed slått ut av Eurovision Song Contest sidan berre dei ti beste kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai 2021.
Songen var eit av to bidrag med same tittel i tevlinga; òg Austerrikes Vincent Bueno stilte med eit bidrag som heitte «Amen». Heller ikkje den låten kvalifiserte seg til finalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amen (Ana Soklič-sang)» frå , den 10. desember 2021.
Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar