«Amnesia» (norsk 'amnesi, minnetap') er ein engelskspråkleg elektropopsong frå 2021 med den rumenske songaren Roxen. Songen er skriven av Adelina Stinga og Victor Bourosu, og han vart utgjeven 4. mars 2021. «Amnesia» var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Om songen «Amnesia» er komponert av Adelina Stinga og Victor Bourosu. Songen er skriven for Roxen, og teksta er delvis sjølvbiografisk. Songen handlar om ei ung kvinne som slit med seg sjølv og presset frå omgivnadene. Sjølv om ho til stadighet er omgjeven av frykt, som delvis kontrollerer ho, klarer ho å bli kvitt frykta og gjenerobrer kontrollen og vert sterkare og tryggare på seg sjølv. Songen skal òg gje ei stemme til alle undertrykte kjensler, og til alle som ikkje har blitt høyrt, blant anna under pandemien.

Eurovision Song Contest Roxen skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Alcohol You». Då Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, vedtok den rumenske kringkastaren TVR at Roxen skulle få delta i 2021 i staden, men med ein ny låt. «Amnesia» vart sloppen 4. mars 2021.

«Amnesia» var det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Songen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021, der han enda på tolvteplass med 85 poeng. Sidan Romania ikkje hamna blant dei ti beste, kvalifiserte ikkje landet seg til finalen laurdag 22. mai. Dette var tredje gongen på rad at Romania vart slått ut i semifinalen.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringLitauen (AGATA)51Nederland (Single Tip)26

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeRef.Diverse4. mars 2021Digital nedlasting, strøymingWarner Music

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amnesia (Roxen-sang)» frå , den 15. desember 2021.

Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar