The Hoover Company er eit føretak for kvit- og brunvarer skipa i Ohio i USA i 1908. I tillegg til i USA har det også ein stor base i Storbritannia. På 1900-talet dominerte det støvsugarmarknaden så mykje at merkenamnet Hoover blei synonymt med støvsugarar og støvsuging i Storbritannia og Irland.

Historie mini|portrett|Tidleg Hoover-støvsugar Den fyrste ståande støvsugaren blei funnen opp i juni 1908 i North Canton i Ohio av James Murray Spangler (1848–1915), ein vaktmeister i eit stormagasin som tidvis også var oppfinnar. Spangler leid av astma, og meinte suspecting teppefeiemaskinen han brukte kunne stå bak anfalla hans. Han skapte ein enkel sugande feiemaskin ved å montera ei elektrisk vifte på ein teppefeiemaskin og så festa ein såpeboks og eit kosteskaft til han. Etter å ha forbetra utforminga og teke patent på denne maskinen, Electric Suction Sweeper,, "Carpet sweeper and cleaner", James M. Spangler, issued 2 June 1908 byrja han å produsera han sjølv, saman med sonen, som hjelpte til med å setja saman maskinane, og dottera, som laga støvposane. Produksjonen gjekk sakte, med berre to-tre maskinar laga per veke.

Spangler gav ein Electric Suction Sweepers til syskenbarnet sitt Susan Troxel Hoover (1846–1925), som brukte han heime. Ho var imponert over maskinen, og fortalde ektemannen og sonen om han. William Henry «Boss» Hoover (1849–1932)https://www.findagrave.com/memorial/28102733 og sonen Herbert William Hoover Sr. (1877–1954)https://www.findagrave.com/memorial/22557 var produsentar av lêrvarer. Hoover kjøpte patentet av Spangler seinare det året, og skipa Electric Suction Sweeper Company med ein opphavleg kapital på 36 000 dollar. Spangler blei tilsett som produksjonsinspektør og fekk løn basert på royalty i det nye føretaket. Spangler fortsette å bidra med fleire nye maskinpaten fram til han døydde i 1915. Selskapet endra då namn til Hoover Suction Sweeper Company, men familien til Spangler fortsette å få royalty frå det opphavlege patentet hans til 1925.Biographical Dictionary of American Business Leaders, Volume 2 By John N. Ingham

På 1930-talet tilsette selskapet industridesigneren Henry Dreyfuss. Han sørga for å gjera maskinane deira meir attraktive. Før Dreyfuss var involvert hadde selskapet stort sett laga maskinar med ein svart motor og base av aluminium i over tjue år. Då Hoover introdusert modellen Hedlite i 1932, var han ganske klønete og lite tiltrekkande., "Suction cleaner", Harry B. White, issued 28 May 1935 Dreyfuss tilpassa maskinen til huset til reingjeraren ved å gjera utforminga meir estetisk i tråd med trendane i straumlinjeforma design i samtida. I 1935 fekk han i oppdrag å gje Hoover-maskinen ei komplett overhaling. I 1936 selde Dreyfuss eit design til selskapet for 25 000 dollar som skulle bli deira Model 150. For fyrste gong var mekanikken heilt skjult frå syne av eit tåreforma deksel av bakelitt. Designet viste til effektivitet, reinleik og fart.

I fyrstninga var det lite interesse for den store, dyre maskinen som få kjende til. Hoover tok ut ein annonse i The Saturday Evening Post som tilbaud tre dagars gratis bruk av støvsugaren til alle som måtte ønska det. Ved hjelp av eit nettverk av lokale utsal for utvikla Hoover så eit nasjonalt nettverk for sal av støvsugarar. Ved slutten av 1908 hadde selskapet seld 372 eksemplar av Model 0. I 1912 hadde det selt maskinar til Noreg, Frankrike, Russland, Belgia, Nederland og Skottland.

Herbert W. Hoover, Sr. tok over som leiar for selskapet i 1922 og som styreleiar for Hoover Company i 1932.

I 1954 tok Herbert W. Hoover Jr. took over leiarskapen for selskapet frå faren."Obituary: Herbert Hoover Jr., 79, Company Head" The New York Times, May 23, 1997

Dei nøkterne fargane ein fyrst hadde brukt blei erstatta av sterke, moderne fargar frå og med Model 29 i 1950, som var raud i staden for dei tidlegare svarte og brune fargane ein hadde hatt før., "Suction cleaner casing", Henry Dreyfuss, issued 15 May 1951 Dette var ein del av selskapet sin plan om å stadig utvikla og modernisera produkta sine.

I 1986 selte Hoover-familien selskapet til Chicago Pacific Corporation."Obituary: Herbert Hoover Jr., 79, Company Head" The New York Times, May 23, 1997 Selskapet blei kjøpt opp av Maytag Corporation i 1989."Obituary: Herbert Hoover Jr., 79, Company Head" The New York Times, May 23, 1997 I 2007 blei Hoover North America selt av dei nye Maytag-eigarane Whirlpool Corporation til Techtronic Industries frå Hong Kong for 107 millionar dollar.

Hoover International hadde blitt skild ut frå Hoover North America i 1993, og blei kjøpt opp av italienske Candy i 1995. Dette blei så kjøpt opp av kinesiske Haier i 2019.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Hoover Company» frå , den 17. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

UK Website TTi The Hoover Historical Center Litteratur Cooley, Will, “Communism, the Cold War and a Company Town: The Rise and Fall of UE Local 709,” Labor History 55:1 (2014), 67-96. Product reviews of Hoover Carpet Cleaners on Carpet Cleaner Guides , A company by Shelly Marcus.

Kategori:USA-amerikanske føretak Kategori:Støvsugarar