«The Ride» er ein popsong frå 2021 med den polske artisten Rafał Brzozowski. Songen var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.
Om songen «The Ride» er skriven av det svenske låtskrivarlaget Joakim Övrenius, Thomas Karlsson, Clara Rubensson og Johan Mauritzson. Songen vart internt vald av Telewizja Polska til å representere Polen i Eurovision Song Contest. Songen vert framført av songaren og tv-programleiaren Rafał Brzozowski, og den vart utgjeven 12. mars 2021. Ein musikkvideo til songen vart utgjeven same dag og var spela inn i Neon Muzeum i Warszawa. Musikkvideoen er regissert av Pascal Pawliszewszki.
Eurovision Song Contest «The Ride» var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2021. Polen vart trekt til å delta i den andre semifinalen som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. Songen vart nummer 14 av 17 i semifinalen med 35 poeng. Sidan det berre var dei ti beste som gjekk vidare til finalen, kvalifiserte den seg ikkje til finalen laurdag 22. mai.
Sceneframsyninga til Brzozowski i Rotterdam var regissert av kunstnarisk ansvarleg Mikołaj Dobrowolski, medan Agustin Egurrola stod som ansvarleg for koreografien.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Ride (sang)» frå , den 18. desember 2021.
Kategori:Polske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar