mini|Leonora framfører «Love Is Forever» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019. «Love Is Forever» (norsk 'kjærleiken er for alltid') er ein dansk poplåt frå 2019 med artisten Leonora. Songen vann Dansk Melodi Grand Prix 2019 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen er skriven av Lise Cabble, Melanie Wehbe og Emil Rosendal Lei.
Teksta er hovudsakleg på engelsk, men inneheld òg tekstlinjer på fransk, tysk og dansk.
Eurovision Song Contest I januar 2019 vart Danmark trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Danmark hadde startnummer 7. «Love Is Forever» vart blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai. I finalen enda «Love Is Forever» som nummer 12 av 26 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering (Hitlisten)16 (AGATA)69 (OCC)77 (Sverigetopplistan)12 (OCC)61
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Love Is Forever» frå , den 23. desember 2021.
Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-songar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar