«Sebi» er ein synthpopsong frå 2019 som vert framført av den slovenske duoen zalagasper (i 2019 under namnet Zala Kralj & Gašper Šantl). Songen vann den slovenske songtevlinga EMA 2019 og var det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på 15. plass i finalen.
Om songen «Sebi» er skriven av kjærasteparet Zala Kralj og Gašper Šantl. Dei to møtte kvarandre på Instagram, vart kjærastar og danna duoen Zala Kralj & Gašper Šantl sommaren 2017. Same år spela dei inn sin fyrste song saman, «Valovi», som vart heidra med fleire musikkprisar i Slovenia.
Hausten 2018 skreiv duoen låten «Sebi», den fjerde singelen til duoen. Tittelen tyder 'deg sjølv' eller 'ein sjølv', og siktar til at du må vera tru mot deg sjølv. Teksta fortel vidare at du ikkje må føle deg som ein fiasko, men innsjå at det viktige er å vere saman, og at alt ikkje treng å ha ei meining.
«Sebi» var eit av ti bidrag i den slovenske musikktevlinga EMA 2019 i regi av kringkastaren RTVSLO 16. februar 2019. Tevlinga er den slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Songen avanserte til superfinalen, der han vann med 72,89 prosent av telefonrøystene. «Sebi» vart dimed det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest.
Eurovision Song Contest I januar 2019 vart Slovenia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Slovenia hadde startnummer 5. «Sebi» vart blant dei ti beste i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai. I finalen vart «Sebi» nummer 15 av 26 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering (Eesti Tipp-40)32 (AGATA)33 (SloTop50)3 (Sverigetopplistan)13 (Schweizer Hitparade)77
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sebi» frå , den 26. desember 2021.
Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Slovenskspråklege Eurovision Song Contest-songar