Carousel er ei latvisk indiepop-gruppe som vart etablert i 2015. Carousel var fram til 2019 ein duo beståande av Sabīne Žuga og Mārcis Vasiļevskis. I 2019 vart Carousel utvida til ein kvartett, då Staņislavs Judins (kontrabass) og Mareks Logins (trommar) slutta seg til gruppa.

Carousel vart nasjonalt kjend i Latvia då ho ovann songtevlinga Supernova i februar 2019 med songen «That Night». Med sigeren representerte gruppa Latvia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Bakgrunn Carousel vart danna i Riga i Latvia i 2015, og bestod opphavleg av Sabīne Žuga (fødd 7. desember 1988) på vokal og Mārcis Vasiļevskis (fødd 16. februar 1987) på gitar. I 2019 slutta Staņislavs Judins og Mareks Logins seg til gruppa. Carousel omtalar seg sjølv som ei indiepop-gruppe som spelar sart stemme- og gitarbasert popmusikk «fulle av søte kjensler». Sidan etableringa har gruppa opptredd i Latvia og utanlands, og jobba per 2019 med eit debutalbum.

Hausten 2018 vart Carousel kjend for eit større publikum, då ho deltok i det latviske konsertshowet Pasaka ziemā. Vinteren 2019 stilla gruppa opp i songtevlinga Supernova 2019 på LTV med songen «That Night». Carousel vann finalen 16. februar og fekk dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest i Israel i mai 2019. Carousel enda på 15. plass i sin semifinale torsdag 16. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 18. mai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carousel (band)» frå , den 29. desember 2021.

Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar