Irane Marie Dunne () var ein amerikansk teater- og filmskodespelar og songar.

Liv og virke

Bakgrunn Dunne var fødd i Louisville i Kentucky. Faren, Joseph Dunn, var statleg dampbåtinspektør, og mora, Adelaide Henry, var ein musikkpedagog frå Newport i Kentucky. I 1909, då Dunne var elleve år gammal, døydde far hennar.

Skodespelar Dunne vann eit stipend til Chicago Musical College. Ho turnerte til å byrja med saman med eit selskap og spelte musikalske komediar. Broadwaydebuten hennar kom i 1923 og ho hadde hovudrolla i mange musikalar. Seinare gjekk ho til filmen.

Dunne blei nominert fem gonger til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, for rolletolkingar i filmane Cimarron (1931), Theodora slår sig løs (1936), Hvor har du vært i natt? (1937), Stevnemøte (1939) og Vi kan stole på mamma (1948). Ho blei teken med på International Best Dressed List Hall of Fame i 1958.

I 1957 utnemnde president Dwight D. Eisenhower Dunne til ein av fem alternative amerikanske delegatar til SN som heider for dei mange velgjerande gjerningane hennar og interessa ho hadde for diverse konservative katolske og republikanske føremål. I 1965 blei ho vald inn som styremedlem i Technicolor, som den første kvinna nokonsinne vald inn i dette styret.

Dunne fekk dottera Mary Frances (fødd Anna Maria Bush) saman med ektemannen Francis Dennis Griffin. Dei adopterte henne i 1938 frå eit sjukehus for hittebarn i New York.

Dunne døydde fredeleg heime i Holmby Hills i Los Angeles i 1990.

Ho vart gravlagd på Calvary Cemetery i East Los Angeles i California. Dei personlege papira hennar blir tekne vare på ved University of Southern California. Dunne blei tildelt ei stjerne ved Hollywood Walk of Fame ved 6440 Hollywood Boulevard.

Filmar (utval)

1931 – Cimarron 1935 – Roberta 1936 – Show Boat 1936 – Theodora slår sig løs 1937 – Hvor har du vært i natt? 1938 – Fryd dig ved livet! 1939 – Stevnemøte 1939 – Da morgenen kom 1940 – Min favoritthustru 1941 – Flirt og alvor 1941 – Bare to 1942 – Lady in a Jam 1943 – Helter dør aldri 1944 – Dovers hvite klipper 1944 – Hun ga seg til slutt 1946 – Eventyr i Siam 1947 – Far og vi andre 1948 – Vi kan stole på mamma 1950 – Verdensdame vandrer vest 1950 – Han ville se dronningen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Irene Dunne» frå , den 9. januar 2022. oppgav desse kjeldene:

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Louisville i Kentucky