Alexander Banor Tettey () er ein norsk-ghanesisk tidlegare fotballspelar.
Tettey spelte helst defensiv midtbane, men var også indreløpar eller hadde andre posisjonar på banen.
Karriere Tettey tok til å spele organisert fotball for Kickers i heimlandet før han flytte etter far sin til Noreg og Bodø saman med systera i 1999. Medan han budde i Bodø spela han på aldersbestemte lag i . Han flytte seinare til Trondheim og begynte å spele for Kolstad. Her imponerte han nok til å få ein plass på juniorlaget til . Tettey vart junior-noregsmeister med i 2005. Allereie som 16-åring fekk han spele for A-laget til Rosenborg.
I norsk toppfotball har han stort sett spelt for Rosenborg, men var på utlån til ein periode. Under perioden sin i Rosenborg fekk han med seg to seriemeistertitlar, i 2006 og 2009. I 2009 vart han seld til franske Rennes. Han har også spelt for Norwich.
Landslag
På landslagsnivå valde Tettey å spela for Noreg. Han spelte både på fleire aldersbestemte landslag før han debuterte på A-landslaget i 2007, då slo 2-1. Fram til 2017 spela han 34 A-landskampar og skåra tre mål på dei. I EM-kvalifiseringa i 2016 vart Tettey toppskårar for Noreg.
Kjelder
Alexander Banor Tettey, SNL.no Denne artikkelen bygger på «Alexander Tettey» frå , den 13. januar 2022.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Ghanesiske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Bodø/Glimt-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Rennes-spelarar Kategori:Norwich-spelarar Kategori:Nordmenn fødde i Ghana Kategori:Folk frå Accra