Tore Strømøy () er ein norsk journalist, programleiar, forfattar og tidlegere idrettsmann.

Strømøy vart fødd i Frøya i Trøndelag. Han byrja arbeidet som journalist som vikar i Arbeider-Avisa i 1984 og i Adresseavisen i 1985. Året etter vart han tilsett i Hitra-Frøya der han med base på Frøya skulle ta opp konkurransen med Frøyavisa. Sommaren 1986 vart han ansett i NRK Trøndelag som radioreportar. I 1991 byrja han i NRK-fjernsynet.

Strømøy er mest kjend for tv-programmet Tore på sporet, men har og arbeida med TV-seriar på NRK som Go'fot på låven, Tett på og På loffen.

Han vart kåra til «Årets TV-navn» 1996, 1997 og 2000.

Strømøy har og gitt ut ei rad bøker. I 2008 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med barne- og ungdomsboka Isprinsessen (Gyldendal Norsk Forlag). Boka handlar om ein kvinneleg arkeologstudent som trur at ho har funne grava til Leiv Eriksson utanfor Munkholmen i Trondheimsfjorden. I handlinga til boka finn ho eit sverd, men vert så utsett for eit drapsforsøk. Det tok han nesten ti år å skrive denne boka.

Strømøy er i dag busett på Steinan i Trondheim.

TV 2014 Sanger om Norge 2012 Det må jeg gjøre før jeg dør 2007 Lyden av lørdag 2004 Noen bedre 1996- Tore på sporet 1998 Ja, vi elsker 1994 På loffen (saman med Åge Aleksandersen) 1993-95 Tett på 1992-94 Go'fot på låven 1988-91 Håndballjentene våre(Dokumentar om handballjentene før OL i Seoul) 1988-91 Det gjelder livet (Dokumentar om politimannen Birger A. Myrstad) 1988-91 Men hva med Stig Jomar (Dokumentar om HVPU-reforma) 1988-91 Velkommen hjem, Vasilij (Dokumentar om ein russisk krigsfange. Premiert i Prix Circom) 1989 Bevare oss vel? (enkeltståande dokumentar send 07.07.1989)

Litteratur Tore Strømøy og Finn Karlsen: På sporet av deg selv. Håndbok i slektsforskning. N.W. Damm & Sønn AS 2006. ISBN 82-04-12391-4 2001 Tore Strømøy : Wera, Flukten fra babij Jar (Gyldendal) 2003 Tore Strømøy : På Sporet (Gyldendal) 2004 Tore Strømøy : Liv Grete (Gyldendal) 2008 Tore Strømøy : Isprinsessen (Gyldendal) 1995-2009 Tore Strømøy m flere: Det gjelder livet (Trygghetsforlaget) 7 bind Diskografi Ole Ivars: Juleplata tel Ole Ivars (1995) Gustav Lorentzen: Amadeus (1997) Ole Ivars: Ole Ivars' Jul (2003)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tore Strømøy» frå , den 29. januar 2022.

Bakgrunnsstoff Tore på sporet, hos nrk.no Trygghetsforlaget, eget forlag

Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:NRK-journalistar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske kappgangarar Kategori:Folk frå Frøya