Gnist er eit tidsskrift som er gjeve ut av partiet Raudt, og tidlegare av Arbeidernes Kommunistparti. Fram til 2005 heitte tidsskriftet Røde fane. Det endra då namn til Rødt!. I 2017 vart namnet Gnist tatt i bruk.

Bladet kjem ut med fire ordinære nummer i året. Det har også ei forlagsavdeling.

Erik Ness var redaktør av bladet frå 1993 til 2017. I 2017 overtok Ingrid Baltzersen.Sjå leiar og kolofon i Gnist nummer 1, 2017

Røde Fane vart grunnlagt i 1969 av utbrytarar frå NKP. Frå skipinga av AKP(m-l) var tidsskriftet knytte til dette partiet. På 1970-talet var det ei tid ein konkurrerande versjon av bladet, utgjeven av Kommunistisk Arbeiderforbund. Då AKP gikk inn i Raudt i 2007, overtok dette partiet tidsskriftet.

Forlagsverksemd

Forlaget Rødt! har gjeve ut mellom anna desse bøkene: Erling Folkvord - Urent Farvann! (2006) Johan Petter Andresen og Arnljot Ask - Nepal i dag - folkekrig for demokrati og jordreform (2006) Erling Folkvord - Stopp tjuven! en redningsaksjon for velferdsstaten (2005) Research Unit for Political Economy, Mumbai, India - Krigen mot Irak - motivene bak (2003)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Norske forlag Kategori:Skipingar i 1969