Biblom (Ophrys apifera) er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Utbreiing Biblom er ein ny art i Norden. Han vart først observert i 2004 i Danmark, der arten ser ut til å ha etablert seg på fleire lokalitetar. Han er òg registrert på ein lokalitet i Skåne i Sverige (svensk namn biblomster), og er frå 2025 rekna som kritisk truga (CR) i Sverige. I Danmark er arten (dansk namn biblomst) klassifisert som sårbar (VU).
Biblom (engelsk namn bee orchid) lever over det meste av Dei britiske øyane utanom Skottland. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC), på same måte som lokalt i England og Wales.
I Benelux veks arten (nederlandsk namn bijenorchis, fransk namn ophrys abeille) særleg i det sørlege Nederland, mest nær kysten og i Limburg. I Belgia veks han spreidd i Flandern og er noko vanlegare i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd). I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).
I Tyskland er arten (tysk namn Bienen-Ragwurz) rekna som livskraftig (LC, ungefährdet). I Polen (polsk namn dwulistnik pszczeli) finst han berre heilt i sør og blir rekna som kritisk truga (CR, krytycznie zagrożony).
Hybridar I England er det påvist at biblom kan danne hybridar med flugeblom (Ophrys apifera × insectifera, òg kalla Ophrys ×pietzschii), men denne er svært sjeldan. Hybriden med Ophrys holosericea (Ophrys apifera × holosericea eller Ophrys ×albertiana) er påvist i Kent.
Miljøkriminalitet I 2023 blei den einaste førekomsten i Sverige plyndra. Alle dei om lag 50 individa blei gravne opp og fjerna. Arten kan derfor vere gått ut i Sverige etter berre få år.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flugeblomslekta