Fjellkurle (Chamorchis alpina) er ei plante i fjellkurleslekta Chamorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Utsjånad Fjellkurle er ei lita plante, som berre blir om lag 10 centimeter høg. Planta har blomar i grønt eller brunt i eit lite aks, som kan minne om ei lita grønkurle. Ved bakken veks det ein krans av smale blad rett opp, slik at dei når opp til eller over blomane.

Systematikk Fjellkurle er den einaste arten i slekta.

Utbreiing Fjellkurle veks på kalkrik grunn i fjellet, gjerne på reinrosehei. Eit sørleg utbreiingsområde omfattar dei nordlege delane av Jotunheimen, Trollheimen og Dovrefjell nord til Snåsa. Lenger nord er planta meir vanleg, og veks frå Hattfjelldal til Varangerhalvøya. Frå 2021 er ho komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn dvärgyxne) og i Finland (EN, finsk namn tunturiorho). I Tyskland er arten (tysk namn Zwergorchis) svært sjeldan, men rekna som livskraftig (LC, ungefährdet). I Polen finst arten (polsk namn potrostek alpejski) berre i Tatrafjella heilt i sør og er rekna som sterkt truga (EN, zagrożony).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Fjellkurleslekta