Knerot (Goodyera repens) er ei plante i knerotslekta Goodyera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Utsjånad Knerot er ein liten, grønkvit orkide med krypande jordstengel og ein rosett med eggforma blad nær bakken. Dei hårete, gulkvite einskildblomane sit i eit smalt, einsidig aks. Namnet på arten kjem frå at stengelen har eit «kne», ein knekk i rett vinkel nede ved bladrosetten.

Utbreiing Knerot veks i skog over store delar av landet. Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).

Arten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn knärot), i Danmark (LC, dansk namn knærod) og i Finland (LC, finsk namn yövilkka).

Knerot (engelsk namn creeping lady's-tresses) veks i den nordlege delen av Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC), slik som lokalt i England. Arten er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.

I Estland (estisk namn roomav öövilge) veks knerot over det meste av landet, mest i aust, og er rekna som livskraftig (LC). I Latvia (latvisk namn ložņu saulenīte) er arten temmeleg vanleg i barskog over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista. I Litauen (litauisk namn šliaužiančioji sidabriukė) er arten ein av dei mest vanlege orkideane, mest i aust og sør. Han er rekna som livskraftig.

I Benelux er arten ein relativ nykomar (nederlandsk namn dennenorchis, fransk namn goodyère rampante) ein relativ nykomar som først vart funnen i Nederland i 1880. No veks han spreidde stader i landet, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia var han først registrert i 1942 og finst mest i nordaust. I Vallonia vart han registrert først gong i 1902 og er no svært sjeldan i sør. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd). I Belgia er han ikkje raudlistevurdert i Flandern, men er i 2026 oppgradert frå sterkt truga til kritisk truga (CR, en danger critique) i Vallonia. I Luxembourg er han ein etablert framandart (EA, established alien) som er rekna som livskraftig (LC).

I Tyskland er arten (tysk namn Kriechendes Netzblatt) rekna som sårbar (VU, gefährdet), og i Polen (polsk namn storzan bezlistny) er han rekna som nær truga (NT, bliski zagrożenia).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Knerotslekta