Maria Therese Tviberg () er ein norsk, tidlegare alpin skirennar frå Geilo, medlem i Geilo Idrettslag. Ho vart i 2023 verdsmeister i paralellslalåm. Tviberg vann OL-bronse med Noreg i mannskapstevlinga under Vinter-OL 2022.

Tviberg deltok i Verdscupen i alpine greiner i tida 2015-23, med ein femteplass i storslalåm som beste prestasjon. I 2017 vart ho trippel noregsmeister med di ho då vann slalåm, super-g og utfor under meisterskapen i Narvik og vart tildelt kongepokal. To år seinare sikra ho seg eitt nytt NM-gull ved NM i alpine greiner 2019 i Hemsedal.

Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing fekk Tviberg ein bronsemedalje, i spann med Thea Louise Stjernesund, Fabian Solheim og Timon Haugan. Eitt år seinare, 15. februar 2023, vann ho over sveitsiske Wendy Holdener i finalen i paralellslalåm ved verdsmeisterskapen i franske Courchevel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maria Therese Tviberg» frå , den 4. mars 2022.

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Folk frå Hol