Grønflangre (Epipactis leptochila) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten lever i lauvskog i det meste av Europa frå Danmark og sørover, men finst ikkje i Noreg.

Systematikk I Belgia reknar ein med to underartar, E. leptochila ssp. leptochila og E. leptochila ssp. neglecta, som òg er registrerte i Polen. I Tyskland er dei rekna som separate artar.

I Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online reknar ein med desse underartane: Epipactis leptochila subsp. leptochila Epipactis leptochila subsp. neglecta Kümpel: sentrale Europa sør til Middelhavet Epipactis leptochila subsp. umbrae Kreutz, A.Rossini, Quitadamo, Turco & Medagli: fastlandet i Italia

Utbreiing Grønflangre (dansk namn storblomstret hullæbe) er sjeldan i Danmark, med nokre få veksestader på Møn og Falster. Arten er rekna som nær truga (NT).

Både i Storbritannia og Irland har det vor uvisse om tilhøvet mellom grønflangre (engelsk namn narrow-lipped helleborine) og den endemiske arten E. dunensis. Etter nyare kartlegging er grønflangre ført opp på raudlista i Storbritannia som sårbar (VU). I Wales reknar ein grønflangre som kritisk truga (CR). Arten står på venteliste (WL) for raudlistevurdering i Irland.

I Benelux veks arten (nederlandsk namn smallippige wespenorchis, fransk namn épipactis des marais) ikkje i Nederland, heller ikkje i Flandern i Belgia, medan det er nokre få funnstader sør i Vallonia. I Belgia er arten i 2026 oppgradert frå sterkt truga til kriitisk truga (CR, en danger critique) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som ekstremt sjeldan (R).

I Tyskland er dei to underartane rekna som separate artar. Både E. leptochila (tysk namn Schmallippige Ständelwurz) og E. neglecta (tysk namn Übersehene Ständelwurz) er vurdert som livskraftige (LC, ungefährdet). I Polen er arten (polsk namn kruszczyk ostropłatkowy) ikkje raudlistevurdert på grunn av manglande datagrunnlag (DD).

Hybridar Det første kjende funnet i verda av hybriden mellom grønflangre og snauflangre (Epipactis leptochila × phyllanthes) vart registrert i ein skog på Lolland i år 2000. Hybriden med skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × leptochila eller Epipactis ×stephensonii) er rapportert frå sør i England, men ikkje verifisert.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta