National Museum of African American History and Culture (NMAAHC) er eit museum ved Smithsonian Institution som ligg ved National Mall i Washington, D.C. i USA. Det blei skipa i desember 2003 og opna på den faste staden sin i september 2016 med ein seremoni leia av president Barack Obama.

Ein kan føra tilbake tankar om å etablera eit føderalt eigd museum om afroamerikansk historie og kultur til 1915, men det moderne presset for ein slik organisasjon byrja ikkje før på 1970-talet. Etter år utan suksess byrja eit meir seriøst lovpålegg i 1988 som førte til autorisasjon av museet i 2003. I 2006 blei det funne ein eigedom, og i 2009 blei eit bygningsdesign sendt inn av Freelon Group/Adjaye Associates/Davis Brody Bond vald ut. Bygginga byrja i 2012, og museet blei fullført i 2016.

NMAAHC er verdas største museum vigd afroamerikansk historie og kultur. I det første heile driftsåret sitt blei det rangert som det fjerde mest besøkte Smithsonian-museet. Museet har meir enn 40 000 gjenstandar i samlinga si, med rundt 3500 av dei stilte ut. Bygningen på 33 000 m² og 10 etasjar (fem over og fem under bakken) og utstillingane hans har vunne kritisk ros.

Bygging mini|Museet under konstruksjon i 2014. mini|NMAAHC Monumental Stair Fyrste spadestikk for museet fann stad 22. februar 2012. President Barack Obama og museumsdirektøren Lonnie Bunch var nokre av talarane under seremonien. Skodespelaren Phylicia Rashād var seremonimeister, og det blei gjort musikk- og diktframføringar av Denyce Graves, Thomas Hampson og Heritage Signature Chorale. høgre|mini|Byggverket i september 2015 NAAMHC blei det djupaste museet på National Mall. Ein grov seg 24 meter ned for å leggja fundamentet, medan sjølve bygningen berre går 24 meter ned.

Kranselaget for museet fann stad i oktober 2014. Same månaden annonserte Smithsonian at National Museum of African American History and Culture hadde teke imot 162 millionar dollar i gåver av den totale byggekostnaden på 250 millionar. For å støtta innsamlinga av midlar sa Smithsonian at dei ville bidra med ein del av det som mangla for å få bygningen ferdig.

Heile stålstrukturen og all sement over bakken var ferdig i januar 2015. Ein byrja setja inn glas i vindauge og curtain walls same månaden, og glasdelane var ferdige 14. april 2015. Same dag blei dei fyrste av 3600 bronsefarga panel til kledning av bygningen installerte.

Opning Ava DuVernay fekk i oppdrag av museumet å skapa ein film som hadde debut ved opninga av museumet 24. september 2016. Denne filmen, August 28: A Day in the Life of a People (2016), skildra seks viktige hendingar i afro-amerikansk historie som alle fann stad på 28. august. Filmen er 22 minutt lang og har opptredenar frå Lupita Nyong'o, Don Cheadle, Regina King, David Oyelowo, Angela Bassett, Michael Ealy, Gugu Mbatha-Raw, André Holland og Glynn Turman. Han tek for seg kong Vilhelm IV si godtaking av UK Slavery Abolition Act i 1833, lynsjinga av 14 år gamle Emmett Till i Mississippi 1955, utgjevinga av den fyrste Motown-låten som nådde toppen av hittlista, «Please Mr. Postman» av The Marvellettes, Martin Luther King, Jr. sin tale «I Have a Dream» i 1963, komet av Hurricane Katrina i 2005 og kvelden då dåverande senator Barack Obama tok imot demokratane sin nominasjon til å bli president ved Democratic National Convention 2008.

24. september 2016 opna president Barack Obama formelt det nye museumet i lag med fire generasjonar av familien Bonner, frå 99 år gamle Ruth Bonner, som var dotter av ein rømd slave, til oldebarnet hennar Christine. Saman med Obama ringde Ruth og familien hennar i klokka Freedom Bell for å opna museet. Klokka kom frå den fyrste baptistkyrkja danna av og for afroamerikanarar, i 1776 i Williamsburg i Virginia, som på den tida hadde forbod for svarte mot å samlast eller preika.

Meir enn 600 000 menneske vitja museet i dei fyrste tre månadane.

Etter seks månader hadde 1,2 millionar menneske vitja NMAAHC, slik at det var det fjerde mest vitja Smithsonian-museet. Dei vitjande var i gjennomsnitt seks timar ved museet; dobbelt så lenge som ein hadde rekna med då museet opna.

Smithsonian kunngjorde at 3 millionar menneske hadde vitja museet i det fyrste fulle året det var ope. I gjennomsnitt vitja 8 000 menneske museet kvar dag, dobbelt så mykje som ein hadde forventa. Dei høge tala på vitjande førte til ein god del slitasje på museet.

Samling og utstillingar høgre|mini|225x225pk|Statue av Benjamin Banneker

Frå før 1900-talet

Fleire gjenstandar frå «São José Paquete Africa», eit slaveskip som gjekk ned utanfor kysten av Sør-Afrika og blei arkeologisk undersøkt i 2015. Vraket tilhøyrer sørafrikanske Iziko Museums, og er på langtidslån til NMAAHC. Gjenstandar som tilhøyrde Harriet Tubman, mellom anna bestikk, ei salmebok og eit sjal av lin og silke ho blei gjeven av dronning Victoria av Storbritannia. Tilknytte gjenstandar er eit fotografi av Tubman (eit av svært få som finst), og tre postkort med bilde frå gravferda til Tubman i 1913.alt=image of ashley's sack, a cloth feedsack that has been embroidered.|mini|Ashley's Sack Ashley's Sack, ein handbrodert matpose frå midten av 1800-talet gjeven av ei slavemor, Rose, til den ni år gamle dottera hennar, Ashley, då Ashley blei seld vekk. Eit merke frå 1850, brukt av ein afroamerikanar i Charleston i Sør-Carolina, som viste at brukaren var ein slave. Fot- og handjern frå Sørstatane (Deep South) brukt før 1860. Klede brukte av afroamerikanske slavar. Ein heim frå Poolesville, Maryland frå 1874. Bustaden blei bygd av familien Jones, som var frigjevne slavar. Jones-familien skipa seinare ein busetnad for svarte i nærleiken. Ein bibel som tilhøyrde Nat Turner, som leia eit slaveopprør i Virginia i 1831. Eit brev av Toussaint L'Ouverture, leiaren for den haitiske revolusjonen og slaveopprøret i 1791. Ein pengeboks brukt av Richard Allen, grunnleggjaren av African Methodist Episcopal Church. Historiske gjenstandar frå svarte katolske samfunn, mellom anna St. Augustine Church og Sisters of the Holy Family i New Orleans. Ei slavehytte frå Edisto Island i Sør-Carolina som blei flytta til museumet og rekonstruert der.

1900- og 2000-talet mini|‘Whites Only’ – toalett og røykerom for menn frå Southern Railway Company Coach No. 1200 frå 1923, gjort om til ei segregert vogn i 1940

Ei jernbanevogn frå Chattanooga i Tennessee, brukt av afro-amerikanske passasjerar i Jim Crow-tida. Pete Claussen og Gulf & Ohio Railways (selskapet han grunnla i 1985) donerte over 222 000 dollar for å restaurera vogna, som opphavleg blei bygd av Pullman Company i 1922. Skrivebordet til Robert Sengstacke Abbott, redaktør for Chicago Defender, ei afro-amerikansk avis skipa i 1905. Ein segregert drikkefontene frå Jim Crow-tida med skiltet «colored», det vil seia berre for «farga». Kjolar og andre klede av mote designeren Ann Lowe. Lowe designa klede for Du Pont-familien, Roosevelt-familien ogRockefeller-familien. Ho utforma også klede for den rike etikette- eksperten og sosietetskvinna Emily Post og familien hennar, og skapte bryllaupskjolen til Jacqueline Bouvier for giftarmålet hennar med John F. Kennedy i 1953. Ei gjenskaping av ein del av Mae's Millinery Shop, ein hattebutikk opna av Mae Reeves i 1942, ei av dei fyrste føretaka i Philadelphia med ei afro-amerikansk kvinne som eigar. Purple Heart-medaljen og bagasjekassen til James L. McCullin, ein medlem av Tuskegee Airmen. Eit PT-13D Stearman biplan brukt som treningsfly av United States Army Air Forces, og brukt i 1944 til å trena medlemmar av Tuskegee Airmen. Eit skilt frå ein buss i Nashville i Tennessee frå Jim Crow-tida som viser kva for sete er for «farga». Eit vakttårn og ei celle frå Louisiana State Penitentiary (Angola) kjend gjennom mykje av 1900-talet som eit grusamt, valdeleg fengsel der afro-amerikanske inmsette blei behandla verre enn slavar. NMAAHC-kuratoren Paul Gardullo sa at desse dokumenterte korleis haldningane til slaveri blei overførte til fengselssystemet etter slavetida i Deep South. Museumsdirektøren Lonnie Bunch sa at sjølv om ein del forskarar var bekymra for at desse gjenstandane ville vera kontroversielle, var oppgåva til museet å fortelja om afro-amerikanske opplevingar. Vakttårnet på er del av ei utstilling omg segregering, medan cella på er del av ei anna utstilling om stadar. Begge er frå Camp A, den eldste delen av fengselet. Cella blei bygd oppå tidlegare slavekvarter. Ein spesiallaga King Super 20 altsaksofon som Charlie Parker in spelte på frå 1947 til han døydde i 1955. Allan Rohan Crite sitt måleri Stations of the Cross (1947) David Driskell sitt verk Behold Thy Son (1956) Kista med glaslok som opphavleg blei brukt til å visa og gravleggja liket til 14 år gamle Emmett Till, som var offer for rasistisk motivert tortur og drap i Mississippi. Døden til Til var ein katalysator for borgarretsrørsla. Kjolen Rosa Parks var i ferd med å sy den dagen ho blei arrestert for å nekta å gje setet sitt til ein kvit mann på ein buss i Montgomery i Alabama 1. desember 1955. Dette førte til bussboikotten i Montgomery, og handlinga hennar var eit av dei fyrste døma på sivil ulydnad i denne rørsla. Ein Selmer-trompet som tilhøyr jazzmusikaren Louis Armstrong. Boksehanskane til Muhammad Ali. Hovudvern brukt av Cassius Clay (seinare kjend som Muhammad Ali). Ein kjole som tilhøyrde songaren og skodespelaren Pearl Bailey. Cape og jumpsuit som tilhøyrde soulsongaren James Brown. Moog-synthesizeren og MPC-beatmaskinen brukt av hip-hop-produsenten J Dilla. Kokkejakke brukt av Leah Chase, ein kokk frå New Orleans kjend som «Queen of Creole Cuisine». «Mothership», ein skulptur på av aluminum og akrylglas skapt av funksongaren George Clinton og brukt under opptredenane til banda hans Parliament og Funkadelic. Den opphavlege Mothership-skulpturen blei kasta i 1983; dette er ei erstatting laga av Clinton på midten av 1990-talet og brukt i rundt fem år. Ei samling kostyme uforma av Geoffrey Holder til musikalen The Wiz frå 1976 (etter L. Frank Baum si bok The Wonderful Wizard of Oz). Kostyma vann Tony-prisen for beste kostymedesign, stykket vann prisen for beste musikal og Holder vann prisen for beste musikalregi. Ein raud Cadillac-kabriolet som tilhøyrde rock and roll-songaren Chuck Berry. Forsterkar, høgtalarar og turntable brukt av Tony Crush eller DJ Tony Tone frå Cold Crush Brothers. Fleire måleri og terrakottaskulpturar frå Barnett-Aden Collection, donert av BET-grunnleggjaren Robert L. Johnson. Turnutstyr brukt av OL-vinnaren Gabby Douglas under Sommar-OL 2012. Douglas var den fyrste afro-amerikanaren, og den fyrste ikkje-kvite nokonsinne, til å vinna mangekamp i turn for kvinner. Ho var også den fyrste amerikanske turnaren som vann både lag- og individuelt gull ved same OL. Handjerna brukte av politi i Cambridge i Massachusetts til å arrester den afro-amerikanske professoren ved Harvard University Henry Louis Gates Jr. i 2009 for å prøva å koma seg inn i sin eigen heim. Hip Hop Smithsonian, ei samling fotografi av hiphop-artistar samla av Bill Adler. Valkampkontoret frå Barack Obama sin presidentkampanje i 2008 frå Falls Church i Virginia. Eit par handmåla joggesko med tittelen Obama 08 av kunstnarent Van Taylor Monroe. NBA-spelaren Kobe Bryant sin uniform som han brukte under NBA-finalen i 2008 , året han blei utnemnd til MVP. Bryant og kona hans Vanessa var også grunnleggjande bidragsytarar til museet.

Leiarskap Lonnie Bunch III var direktør for museet frå planleggingsstadiet. Han blei utnemnd i 2005, og handsama gjenstandssamlingar, vandreutstillingar, planlegging og konstruksjon. 28. mai 2019 blei Bunch vald til sekretær for Smithsonian Institution. Han blei den fyrste afroamerikanske leiaren for institusjonen. Den mellombels direktøren av NMAAHC var historieprofessoren Spencer Crew. Diktaren og professoren Kevin Young blei utnemnd til direktør i september 2020.

Kafeteria