Serapias parviflora er ei plante i slekta Serapias i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.

Utbreiing S. parviflora (engelsk namn small-flowered tongue orchid) finst naturleg i landa kring Middelhavet, men vart funne i eit område i Cornwall i 1989, og arten blei sett på venteliste (WL) for raudlistevurdering. Arten vart sist observert i Cornwall i 2008 og var rekna som lokalt utdøydd (RE), men han vart i 2021 funnen på eit grønt tak i sentrum av London. Dei siste åra har arten utvida området sitt i nordvest-Frankrike, så han blir no rekna som ein naturleg innvandra art og er teken med på raudlista, så han har fått status som sterkt truga (EN).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Serapias