Rock On er det femte studioalbumet til det engelske glamrockbandet Mud, utgjeve i 1978. Det var det første albumet deira som kom ut på RCA Records. Albumet var meir musikalsk og kommersielt enn føregangarane og ei slags blanding av den gamle og den dåverande stilen deira. Songen deira «Slow Talking Boy» vart rekna for å vere blant dei beste songane deira på fleire år, medan sjølve albumet fekk hard medfart blant kritikarane.
Klaverspelaren Brian Tatum var gjesteartist på albumet.
I 2009 vart albumet gjeve ut på CD i lag med As You Like It.
Innhald
Medverkande Les Gray: vokal, korvokal Ray Stiles: bassgitar Dave Mount: trommer Rob Davies: sologitar Brian Tatum: klaverinstrument
Kjelder
Kategori:Mud-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:RCA Records-album