Douglas Alan Yule () er ein USA-amerikansk musikar og songar, mest kjend som medlem av The Velvet Underground frå 1968 til 1973.

Då John Cale fekk sparken i The Velvet Underground av Lou Reed i 1968, kom Yule inn i bandet. Broren til Yule, Billy, var òg med i bandet ei stund då den faste trommisen Maureen Tucker vart gravid. Lou Reed slutta i The Velvet Underground i august 1970, og Yule valde å halde fram i lag med resten av bandet. Han tok då over på solovokal. Seint i 1972 slutta resten av bandet og Yule vart det einaste medlemmet som var att. Han fekk med seg studiomusikarar og spelte inn albumet Squeeze seint i 1972. Det kom ut i 1973 og var i røynda eit soloalbum av Yule. Bandet vart oppløyst kort tid etter.

I 1974 spelte Yule med Reed att, då han spelte bass på soloalbumet Sally Can't Dance (1974). og Coney Island Baby i 1975.

Yule spelte òg med Elliott Murphy, og vart med i bandet American Flyer som trommeslagar og korsongar.

Diskografi Med The Velvet Underground The Velvet Underground (1969) Loaded (1970) Live at Max's Kansas City (1972) Squeeze (1973) 1969: The Velvet Underground Live (1974) VU (outtakes compilation, 1985 [1968–1969]) Another View (outtakes compilation, 1986 [1967–1969]) Chronicles (compilation, 1991) Peel Slowly and See (box set, 1995 [1965–1970]) Final V.U. 1971-1973 (live box set, 2001 [1971–1973]) Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes (live, 2001 ) The Very Best of the Velvet Underground (best of, 2003 [1966–1970]) The Complete Matrix Tapes (live, 2015 )

Med Lou Reed Sally Can't Dance (1974) Coney Island Baby: 30th Anniversary Edition (1975, 2005) Between Thought and Expression: The Lou Reed Anthology (1992)

Med American Flyer American Flyer (1976) Spirit of a Woman (1977)

Solo Live in Seattle (2002)

Med RedDog Hard Times (2009) Nine-Tail Cat (2011)

Andre Elliott Murphy: Night Lights (1976) Maureen Tucker: Moe Rocks Terrastock (2002) The Loves: ...Love You (2010)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Doug Yule» frå , den 25. mars 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Doug Yule – fiolinside RedDog – RedDog heimeside

Kategori:Folk frå Great Neck i New York Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske organistar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske multiinstrumentalistar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:The Velvet Underground-medlemmar Kategori:American Flyers-medlemmar Kategori:Protopunk-musikarar