St. Petersburg er ein by i Pinellas County i delstaten Florida i USA. St. Petersburg ligg på Pinellas-halvøya mellom Tampa Bay og Mexicobukta, med samband til Fastlands-Florida i nord. Byen vart grunnlagd i 1888. Han hadde ikring 258 000 ibuarar i 2020.
Byen vart grunnlagd av John C. Williams, opphavleg frå Detroit, som kjøpte land her i 1875, og av Peter Demens, som spelte ei stor rolle i å leggja endepunktet for Orange Belt Railway her i 1888. Demens kalla opp byen etter fødestaden sin, St. Petersburg i Russland.
Namnet på byen vert også stava Saint Petersburg. Lokalfolk omtalar ofte byen som «St. Pete» eller, mindre høgtidleg «the Burg».
St. Petersburg ligg på vestkysten av Florida og er kjend for sitt solrike, milde klima. Gjennomsnittleg 361 dagar med solskin har gjort at byen har fått kallenamnet «The Sunshine City.» Han har ein Guinness-rekord for dei fleste uavbroten dagane med solskin (768 dagar mellom 1967 og 1969).
På grunn av det gode vêret har byen hatt stor tilflytting av pensjonistar frå andre delar av USA, men i seinare år har byen fått ein meir ungdommeleg aldersprofil.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «St. Petersburg, Florida» frå , den 29. mars 2022 og 16. juli 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Florida Kategori:Skipingar i 1888