Back to the Drive er det tolvte studioalbumet til Suzi Quatro. Det kom ut i mars 2006 og var eit comeback, og det første sidan Oh Suzi Q. i 1990 (om ein ser bort frå nyinnspelingane på What Goes Around i 1994 og sjølvhjelpsalbumet Unreleased Emotion i 1998). Det var produsert av Sweet gitaristen Andy Scott og Steve Grant med hjelp frå den gamle produsenten til Quatro, Mike Chapman. Ho hadde òg med seg Shirlie Roden på korvokal, eks-ektemannen Len Tuckey på gitar og dottera Laura Quatro (då Laura Tuckey), i duett med ho på singelen «I'll Walk Through the Fire With You».
Albumet kom ut på EMI Records ute i verda, på Liberty Records i Storbritannia og på Caroline Records i Nord-Amerika
Musikk Albumet består av ulike musikkstilar. Tittelsporet er eit rockespor som samplar introen frå «Devil Gate Drive» og gitarlinja frå den første store hitten hennar, «Can The Can». «15 Minutes of Fame» er ein folkrocksong. «Duality» vart spelt inn i indisk raga-stil og vart skriven i lag med Vicki Tischler Blue (tidlegare i The Runaways). «I Don't Do Gentle» er storbandrock frå 1950-åra. Som dei fleste albuma til Quatro, inneheld det ein coversong, ein versjon av Neil Young-songen «Rockin' in the Free World».
Det er to balladar på albumet, «Sometimes Love Is Letting Go» og «Free the Butterfly».
Plateomslag og tittel Fotografiet på plateomslaget var teken av Steve Payne med eit bilete av Quatro som skrik medan ho speler bassgitar. Fotografia på innsida av omslaget vart tekne av Gered Mankowitz og Victory Tischler-Blue. Mankowitz hadde tidlegare fotografert Quatro for dei tidlegare albuma hennar på RAK Records.
Tittelen Back to the Drive syner til hitten hennar «Devil Gate Drive», som impliserer at ho vender attende til rockerøtene.
Mottaking Sjølv om albumet fekk god kritikk av kritikarane og fansen, nådde det berre 78. plassen på albumlista i Sveits. Allmusic gav albumet fire av fem stjerner.
Innhald Nr. Tittel Låtskrivar Lengd 1. «Back to the Drive» Mike Chapman 4:31 2. «15 Minutes of Fame» Quatro, Andy Scott, Steve Grant 3:50 3. «Duality» Quatro, V. Tischler-Blue, Andy Scott, Steve Grant 5:00 4. «I Don't Do Gentle» Quatro, Andy Scott, Steve Grant 4:24 5. «I'll Walk Through the Fire with You» Quatro, Laura Tuckey, S. Roden, Andy Scott, Steve Grant 4:26 6. «Wasted Moments» Quatro, Andy Scott, Steve Grant 5:00 7. «Rockin' in the Free World» Neil Young 4:57 8. «No Choice» Quatro, Jean Roussel 5:30 9. «Sometimes Love Is Letting Go» Quatro, S. Roden 4:35 10. «Dancing in the Wind» Quatro, S. Roden 4:51 11. «Free the Butterfly» Quatro 4:55 12. «Born Making Noise» Quatro, Andy Scott, Steve Grant 4:45
Den japanske utgåva kom med dei to bonusspora «Ambition» og «Why Do Rainbows Die».
Medverkande Suzi Quatro - bassgitar, solovokal Andy Scott - gitar, korvokal, produsent Len Tuckey - gitar Steve Grant - ulike instrument, produsent Paul Jones - munnspel Andy Dowding - trommer Ray Beavis - saksofon Toby Gucklhorn - trombone. Dick Hanson - trompet Bruce Bisland - trommer Reg Webb - piano, korvokal Kate Webb - korvokal Laura Tuckey - korvokal, duett på «I'll Walk Through the Fire with You» Shirlie Roden - korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Back to the Drive» frå , den 17. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Musikkalbum frå 2006