Betty Davis (), fødd Betty Gray Mabry, var ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho var gift med jazzmusikaren Miles Davis.
Bakgrunn Betty Davis var fødd som Betty Gray Mabry i Durham i Nord-Carolina i 1944. Ho utvikla ei interesse for musikk då ho var rundt ti, og blei introdusert for forskjellige bluesmusikarar av bestemora, Beulah Blackwell, medan ho budde på garden hennar i Reidsville. Då ho var 12 skreiv ho ein av dei fyrste songane sine, «I'm Going to Bake That Cake of Love». Familien flytta til Homestead i Pennsylvania så faren, Henry Mabry, kunne arbeida på stålverket der, og Betty gjekk ut frå Homestead High School. Ho bestemte seg for å satsa på ein karriere innan showbusiness etter å ha sett faren dansa som Elvis Presley.
Tidleg karriere Betty Davis flytta til New York i 1960-åra og arbeidde som modell og songar. Her møtte ho fleire andre musikarar, mellom anna Jimi Hendrix og Sly Stone.Crowhurst, Anna-Marie (March 7, 2018) "Forgotten Women: The taboo-smashing queen of funk", Stylist.co.uk. Retrieved February 10, 2022 Den musikalske karrieren hennar byrja gjennom ein vennskap med soulsongaren Lou Courtney, som skal ha produsert den fyrste singelen hennar, «The Cellar», sjølv om ekistensen til denne innspelinga er blitt sett i tvil."Betty Mabry: 'Get Ready for Betty'", On the Record, November 8, 2011. Retrieved February 10, 2022 Ho oppnådde ein kontrakt med Don Costa, som hadde skrive arrangement for Frank Sinatra. Som Betty Mabry spelte ho inn «Get Ready For Betty»/«I'm Gonna Get My Baby Back» i 1964 for Costa sitt platemerke DCP International. På rundt same tid spelte ho inn singelen «I'll Be There» med Roy Arlington for Safice Records, under gruppenamnet «Roy and Betty».Charles Waring, "Betty Davis RIP", Soul&Jazz&Funk, February 10, 2022. Retrieved February 10, 2022
Den fyrste profesjonelle suksessen hennar kom etter at ho skreiv «Uptown (to Harlem)» for Chambers Brothers. Albumet deira frå 1967 var ein stor suksess, men Mabry fokuserte no på karrieren sin som modell. Ho var vellukka som modell, men blei trøytt av arbeidet – «I didn't like modeling because you didn't need brains to do it. It's only going to last as long as you look good.»Wang, O., liner notes to They Say I’m Different, Betty Davis, Just Sunshine – JSS-3500, LP, 1974.Wang, O., "The Music and Mystique of Betty Davis—Read the Liner Notes to the Funk Singer’s Debut LP", vinylmeplease.com, June 22, 2017.
I 1968 var ho i eit tilhøve med Hugh Masekela, og spelte inn fleire songar for Columbia Records som var arrangerte av han. To av desse songane blei gjevne ut som ein singel: «Live, Love, Learn»/«It's My Life». Kort tid etter å ha slått opp med Masekela blei ho saman med Miles Davis, og gifta seg med han i september 1968. I løpet av det eine året dei var gift hadde ho stor innverknad på Miles. Ho var meir enn berre framsidejente og ein songtittel i Miles Davis-albumet Filles de Kilimanjaro. Betty bidrog til å planta frøet til Miles sine framtidige eksperiment med å introdusera trompeten til psykedelisk rock-gitaristen Jimi Hendrix og funk-nyskaperen Sly Stone. Jimi sin vennskap med Miles hjelpte òg til å opne trompetspelaren for nye idear om jazz.
Ryktet seier at Jimi og Betty hadde eit forhold (noko Betty har nekta for) som skunda fram slutten på ekteskapet med Davis, men Jimi og Miles blei verande vennar, og i 1970 såg Miles kor hans og Jimis musikk kryssa kvarandre. Miles sitt album Bitches Brew endra jazzen ugjenkalleleg og leidde han inn i jazz-fusion. Ingen har snakka om kvar Miles fekk tittelen frå, men mange spekulerer i om ikkje Miles subtilt gav ein hyllest til kvinna, viss kryssande forhold spora til opphavet til albumet. Det er vanskeleg å seia kor mange av Betty sine songar som igjen var inspirerte av Miles. Han skreiv to dikt til henne og det er lett å førestilla seg at han er målet til Betty sitt ofte brukte og utvitydige «he».
Karriere I 1973 kom det første albumet hennar, Betty Davis, ut. Det inneheldt imponerande tekstar og hadde ein funky stil med songar som «Anti Love Song». Betty Davis hadde ikkje suksess som songar. Den opne seksuelle haldninga hennar var kontroversiell på denne tida. Nokre av opptredenane hennar blei boikotta og songane hennar blei ikkje spelte på radio etter press frå religiøse grupper. Betty Davis gav ut to studioalbum til: They Say I'm Different (1974) og Nasty Gal (1975). Desse albuma blei heller ikkje kommersielle suksessar. Ho gav opp og vende tilbake til Pennsylvania. Materialet frå eit opptak i 1979 blei til slutt til to nye album: Hangin' out in Hollywood (1995) og Crashin' from Passion (1996). Eit samlealbum, Anti Love: The Best of Betty Davis, kom ut i 2000.
Diskografi
Singlar ÅrSingelPlateselskapMerkand196?The Cellar/???Independent Release1. singel, produsert av Lou Courtney1964Get Ready For Betty/I'm Gonna Get My Baby BackDCP2. singel1968It's My Life/Live, Love, LearnColumbia3. singel1973If I'm In Luck I Might Get Picked Up/Steppin In Her I. Miller ShoesJust Sunshine1973Ooh Yea/In The MeantimeJust Sunshine1974Shoo-B-Doop And Cop Him/He Was A Big FreakJust Sunshine1974Git In There/They Say I'm DifferentJust Sunshine1975Shut Off The Lights/He Was A Big FreakIsland
Studioalbum ÅrAlbumPlateselskapMerknad1973Betty DavisJust Sunshine Light in the Attic (gitt ut på nytt i 2009)1. studioalbum; produsert av Greg Errico1974They Say I'm DifferentJust Sunshine Light in the Attic (gitt ut på nytt i 2009)2. studioalbum; produsert av Betty Davis1975Nasty GalIsland Light in the Attic (gitt ut på nytt i 2009)3. studioalbum; produsert av Betty Davis2009Is It Love or Desire?Light in the Attic4. album; spelt inn i 1976 og gitt ut 2009
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Betty Davis» frå og «Betty Davis» frå , den 19. april 2022.
Kategori:Folk frå Pittsburgh Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar