mini|Nakenskap gjev merksemd i massemedium. World Naked Bike Ride, samlar deltakarar i tusental til sykkelparadar gjennom ulike storbyar. Bilde frå Spania 2007. mini|Kvinne frå Tysk Austafrika, kring 1910. mini|Journalisten Albert Abril hjå zo'é-folket i Amazonas, 2007, der ein ikkje nyttar klede.Om zo'è-folket mini|Moralen til samtida kan påverka oppfattinga eldre bunadsskikk. Til venstre: Korrekt återgivning av eit veggmåleri frå ein kanal i Ti i Egypt. Til høgre: Eit manipulert, meir påklädd bilete frå boka Geschichte des Alten Ägypten frå 1887. mini|Albert Engström, Verner von Heidenstam og Gustaf Fröding med fleire, levde nakenliv på Sandhamn i 1896. mini|Nakenskap separat for menn og kvinner har funne stad frå gammalt av. Henry Scott, Ruby, gold and malachite, 1902 mini|Ulla Jacobsson og Folke Sundquist i den kjende nakenbadscenen i Hon dansade en sommar, 1951. mini|Badeplass i 1983. mini|Adam og Eva pleier framstillast som nakne. Måleri frå kring 1500. mini|I den tidlege kyrkja blei ein døypt naken. Måleri frå Paris kring 1500 som viser dåpen til den frankiske kong Klodvig I i 496. mini|Naga sadhus, India 2013. Eit liv uten klede er del av kvardagen til visse indiske rørsler. mini|Eugène Jansson, Tyngdeløft, 1914. mini|Venus frå Willendorf, kalkstensfigurin frå eldre steinalder. mini|David, skulptur av Michelangelo. Typisk døme på renessanseskulptur. mini|Burlesk, ein tradisjon frå USA på 1800-talet, vende tilbake på 1990-talet. mini|På visse plassar og i visse samanhengar kan nakenskap vera ulovleg. Terri Sue Webb og Daniel Johnson blir gripne av politiet 2002 etter ein protestaksjon i Bend i Oregon, organisert av The Freedom to be Yourself. Nakenskap eller det å vera naken viser for menneske til å ikkje ha på seg klede, og for andre dyr til at dei manglar vanleg pels eller fjørdrakt.
For menneske kan det å kjenna seg naken også visa til ei subjektiv kjensle som, avhengig av omstenda, kan opplevast som ukomfortabel (utryggleik og skam), eller behageleg (fridom, reinleik og sjølvtillit).
Oppfattinga av nakenskap har endra seg over tid og blir i stor grad påverka av sosiale og kulturelle høve. For den nakne er det stor skilnad mellom frivillig og ufrivillig nakenskap, og den kulturelle og sosiale situasjonen påverkar også korleis omgjevnadane oppfattar nakenskapen.
Nakenskap har alltid vore vanleg i samband med bading. Det har i alle tider vore eit tema i kunst, bilete og filmar, som i seinare tid har fått stor spreiing gjennom digital fototeknologi og internett. Spreiing av bilde og film har sidan 2000 påverka synet på nakenskap og det har gått føre seg ei seksualisering.Charlee Petersson & Johanna Ottosson, Den nakna sanningen om en blottande censur, 2016.
I kulturar der folk sjeldan eller aldri er nakne i sosiale samanhengar blir nakenskap gjerne sterkt assosiert med seksualitet. I slike kulturar kan nakenskap òg nyttast forsettleg for å skapa merksemd.
Om ein er mangelfullt påkledd, til dømes berre i underklede, kan ein kalla det å vera halvnaken.
Historie
Eldre historie Ein har gått ut frå at menneske normalt var nakne i eldre steinalder. Men undersøkingar av kledelus viser at Homo sapiens kan ha hatt tilgang til klede i cirka 100 000 år.
Mennesket er den einaste primaten som har stort sett naken hud (utan pels). Grunnen til dette er ikkje heilt klar. At menneske byrja å bruka klede kan ha samanheng med klimaendringar. Dette gjorde det mogleg for menneske å leva i meir nordlege klimasoner.
Menneske som lever i varme eller tempererte klimasoner har ikkje i behov for å bruka klede. Det er ukjend korleis vanleg nakenskap i kvardagslivet har vore blant ikkje-vestlege kulturar i eldre tid. I historisk tid har ein kjend til folk som lever heilt nakne i Asia, Afrika og Amerika. Samtidig har vestleg misjon påverka klesdrakten i verda i fleire hundreår. I Sør-Amerika finst det framleis mindre grupper av menneske som lever nakne i jeger-samlar-kulturar. Men kleskoden pleier å endra seg fort mot auka klede etter kontakt med vestleg-påverka kultur. I mange samfunn er det vanleg at born veks opp uten klede, og fyrst byrjar bruka vaksenklede i samband med puberteten.
I eldre forsking finn ein av og til ei romantisering av den (nakne) «edle ville». Men det fanst òg motsette syn, der menneske utan klede blei sett på som usiviliserte og barbariske.
Nakenskap i antikken verker ha vore vanleg i det gamle Egypt, der både lågarestilte folk og regentar som Nefertiti og Kleopatra blei avbilda nakne. I Hellas i antikken var i det minste veltrente unge overklassemenn vanlegvis heilt nakne på gymnas. Det var eit motsvar på andre sine behov for å visa rikdom gjennom luksusklede.Illustrerad Vetenskap, 2011, Varför gick antikens grekiska män nakna?
1800-talet Nakenskap har i alle tider blitt forstått som naturleg ved til dømes bad. Ein bada då gjerne innan familien, eller menn og kvinner kvar for seg. Innstillinga til nakenskap i andre samanhengar har variert.
Nakenskap har ofte vore del av ein kulturkritikk. Den amerikanske forfattaren Henry David Thoreau (1817–62) bygde i 1845 ei hytte ved Walden Pond i Massachusetts, der han i to år levde eit naturliv uten kontakt med sivilisasjonen, skildra i boka Walden frå 1854. Boka prisar eit liv i enkelheit, nakenskap og sjølvstende. Thoreau har vore ein viktig inspiratør for miljørørsla. Han har òg, ved sida av Lev Tolstoj og Élisée Reclus, inspirert ein anarko-naturisme som framheva vegetarianisme, fri kjærleik, nudisme og eit økologisk verdsbilete – ei tenking som på slutten av 1800-talet fekk sterk forankring i Spania, Portugal og Frankrike.
I Tyskland og Sveits hadde nudismen, freikörperkultur, frå slutten av 1800-talet andre røter. Dei låg dels i modernisme, kristendomskritikk og soldyrking, del i helsetenking, kroppskult og eit ideal om ein naturleg nakenskap som ikkje skulle setjast i samband med seksualitet. Det blei seinare assosiert med sosial likskap og likestilling, og skulle få sterk påverknad på innstillinga til nakenskap i Europa seinare på 1900-talet.
1900-talet På byrjinga av 1900-talet tala mange helseteoretikarar varmt om luft, sollys og nakenskap som ei kjelde til helse og velvere og som ein veg vekk frå den kunstige livsstilen i samtida. Sola hud kom på moten, og interessa for friluftsliv og utandørsbading auka. I helsedebatten oppmuntra ein til soling som ein sunn aktivitet.
I Tyskland blei det frå slutten av 1800-talet organisert naturisme med både menn og kvinner. På 1930-talet blei dette òg etablert i Sverige. Det blei fyrst kalla nakenkultur, seinare nudisme og frå 1950-talet naturisme. Ein ville «naturalisera» den nakne menneskekroppen, og koma bort frå «seksualiseringa» av nakenskapen frå eldre tider.
Teaterforestillingar som Hair, med nakne skodespelarar i New York i 1967, og Oh! Calcutta!, der alle skodespelar var heilt nakne i visse scenar, blei banebrytande.
Den nakne cellisten Charlotte Moorman sin konsert Ars Nova koncert i Malmö i 1966 fekk stor merksemd; det same gjorde eit cover frå 1968 med fotografi av John Lennon og Yoko Ono.Charlotte MoormanSkivomslag Lennon/Ono Two wirgins.
Hippierørsla si frie og avspende innstilling til nakenskap gjorde inntrykk i vide kretsar, ikkje minst gjennom merksemda massemedium gav Woodstockfestivalen i 1969.
Rødstrømperne skipa frå 1971 årlege kvinneleirar på den danske øya Femø og aviser publiserte bilde med nakne deltakarar, som då blei sett på som en feministisk manifestasjon: «Ved at være nøgne på Femø praktiserede kvinderne, hvad de opfattede som ein kropslig frigørelse, hvor dei afseksualiserede kvindekroppen.»Bild från Femø 1971.Liv och skrift.Femølejren fylder 40.Femø 1971.Kvindeplakater FemøAnne Brædder: Femø kvindelejr 1971-2010 og femøisternes kollektive erindring om lejren, 2010, s. 74. Det frie synet på nakenhet var del av ei progressiv rørsle - men skulle òg bli mote. Christina Schollin hadde symd naken i filmen Änglar, finns dom? frå 1961, Brigitte Bardot i Le Mépris frå 1963. Men nakenbad vart etablert mote først då badebilde frå øya Skorpios med det samtidige store stilikonet Jackie Kennedy blei spreidde i massemedium i 1971.
Nakne menn var ikkje like vanlege i filmane, men nokre tidlege døme var Sven-Bertil Taube i Lars Görlings Saman med Gunilla måndag kveld och tisdag frå 1965 og Sven Wollter i Mannen på taket frå 1976.Nakenchockens historia.
Den «naturlege nakenskapen» som ein hadde etterstreba sidan byrjinga av 1900-talet fekk gjennomslag på 1970- og 1980-talet.
Denne «naturlege nakenskapen» blei verande fram til slutten av 1990-talet. Men som del i ein «nypuritanisme» kom det då ei meir reservert halding til eldre syn på slik nakenskap. Nakenskap og nakenbad kom i høgare grad til å bli assosiert med seksualitet.Svensk Tidskrift aug 2006. USA och hysterisk puritanism 2003.Nypuritanismen är här
Ikkje minst synet på nakenskap hjå barn blei endra. Tidlegare hadde ein rekna barn som aseksuelle, og nakenskap hjå barn blei derfor generelt rekna som ganske uskuldig. Med aukande medvit om pedofili og barnepornografi frå og med 1980-talet har nakne barn – ikkje minst på bilde – blitt meir kontroversielt, ettersom ein veit at det finst vaksne som blir seksuelt opphissa av å sjå på nakne barn.Arbetarbladet om barnfilmer.Aftonbladet om barnfilmer.DN om nakna barn i konst. For fyrste gong i historia har nakenskap hjå barn blitt meir tabubelagt enn den til vaksne.
2000-talet Frå millennieskiftet fekk nypuritanisme større innverknad og nakenskap fekk meir av ei seksualisert tyding, framfor alt gjennom internett.
Det kom eit brot mot det eldre «frigjorte» synet på den kvinnelege kroppen, som «vill iklädas baddräkt eller ännu hellre vara naken och simma i insjöar om sommaren»,Sexualiseringen av idrottens offentliga rum, 2007, s. 23. men at no slik nakenhet «som å ena sidan framställs som frigörande och självständig också kan diskuteras som en del av den sexualisering som sker av kvinnor».Sexualiseringen av idrottens offentliga rum, 2007, s. 21.
Ein snakka om «the male gaze», det mannlege blikket, og at dette alt meir forma det offentlege bildet av den nakne kroppen.Jenny Dahl, Ungdomar, Internet och Sexualitet. Konstruktioner av kön på ungdomssajten ”Snyggast.se”. 2005.Hur kan naturlig nakenhet provocera mer än MTV?, 2004.
Nye mobiltelefonar med kamera påverka òg. Dels skapte det redsle for å bli fotografert der det tidlegare hadde vore normalt å vera naken. Dels gav det mogleheit eller risiko for å med vilje eller ikkje bli sett av tallause menneske via ein selfie, der nakenskap eller det å «vera sexy» var faktorar som kunne påverka speriinga. Kroppen kom også til å sjåast på med eit stadig meir kritisk blikk.
I motsats til nypuritanismen kom nakenfotografi til å bli meir vanleg. Det hadde tidlegare vorte sett på naturleg at vera naken i samband med bading, offentlege dusjar og i badstove, men utenkeleg for dei fleste å til dømes la seg fotograferast naken i erotiske eller seksuelle samanhengar. Det skulle etter år 2000 bli tvert om for den yngre generasjonen.Sanna Rayman, Gränslös och hårt begränsad sexualmoral, SvD 2014. Nakenskap blir ifølge denne nye synsmåten meir sosialt akseptabelt om ein speler ei «rolle», ein blir fotografert, filma, eller opptrer framfor publikum i leikar som ballongdansen.Roskilde naked run 2010.
Frå rundt 2007 byrja ein del feministiske grupper å framheva retten for kvinner til å vera topplause der menn hadde denne retten, til dømes Gotopless, Bara bröst, Femen og Free the Nipple. Gruppa Bara kroppar, skipa i 2012 og Julia Skott si bok Kroppspanikk frå 2013 kritiserte den seksualiserte nakenskapen og framheva «naturleg nakenskap» som eit verktøy for likskap og likestilling.Kroppsbilder. Etter 2015 har òg det jamstilte synet til kroppspositivismen på kropp og naturleg nakenhet blitt etablert.
Kultur og skikk
Folkeskikkar og folketru