«Fingertips» er ein song frå 1963 av «Little» Stevie Wonder for Motown sitt Tamla-selskap.

Oversyn Songen var skriven av mentorane til Wonder, Clarence Paul og Henry Cosby, og var opphavleg ein jazzinstrumental spelt inn for det første studioalbumet til Wonder, The Jazz Soul of Little Stevie. Eit konsertopptak av songen vart spelt inn i 1963 under ei framføring på Motortown Revue i Regal Theater i Chicago. Songen hadde berre nokre få linjer med improvisert tekst, og er i røynda ein instrumental, som var meint å syne Wonder sitt talent på bongotrommer og munnspel.

Denne utgåva vart gjeven ut på singel 21. mai 1963 som ein todelt singel. Part 2 av snogen vart gjeven ut som B-side. I august hadde B-sida nådd toppen av både Billboard Pop Singles og R&B Singles-listene. «Fingertips» var den andre listetoppen til Motown og vart det store gjennombrotet til den då 13 år gamle Stevie Wonder.

Marvin Gaye spelte trommer på både studioversjonen og konsertopptaket.

Medverkande Vokal, bongotrommer og munnspel av Little Stevie Wonder Trommer av Marvin Gaye Bass av James Jamerson, Larry Moses, Joe Swift Lydteknikar: Ron Steele Sr.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fingertips» frå , den 28. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Stevie Wonder-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Henry Cosby Kategori:Songar skrivne av Clarence Paul Kategori:Tamla Records-singlar Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Songar produserte av Berry Gordy Kategori:Sparks-songar