Balls er det 18. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i 2000.
Balls var eit framhald av techno-pop-stilen duoen først hadde utforska i 1994 på Gratuitous Sax & Senseless Violins, men med hardare og livlegare rytmar, i tillegg til ein meir direkte og aggressiv stil liknande artistar som The Prodigy.https://coverartarchive.org/release/30066b3a-1417-4614-82cf-21d97e39e0b1/25123807288.jpg Albumet kom i eit gjennomsiktig CD-etui som kom i ulike fargar (raud, gul, grøn, blå, oransje, svart og turkis).
«It's a Knockoff» vart spelt inn for filmen Knock Off, med Jean-Claude Van Damme, regissert av den Hong Kong-baserte produsenten og regissøren Tsui Hark (som hadde vore med på sin eigen hyllestsong av bandet på Gratuitous Sax & Senseless Violins). Songen vert spelt over rulleteksten.
Sjølv om den kritiske mottakinga av Balls var moderat positive, selde det dårleg og klarte ikkje å gjenta suksessen med Gratuitous Sax & Senseless Violins. Det gjekk ikkje inn på listene i Tyskland, Storbritannia eller i USA. «More Than a Sex Machine», «The Calm Before the Storm» og «The Angels» vart gjevne ut på singlar, men gjekk ikkje inn på singellistene og vart lite spelte på radio. Duoen hadde alt skrive ein oppfølgar til Balls i liknande stil. Men då albumet selde så pass dårleg valde dei å skrinlegge dette og gå i ei heilt ny retning på Lil' Beethoven i 2002.
Nyutgjeving I 2008 gav Sparks sitt eige plateselskap, Lil' Beethoven Records, ut albumet på ny i digipak-omslag med eit anna bilete på plateomslaget og to bonusspor: «The Calm Before the Opera» og «The Calm Before the Storm (Full Length Instrumental)».
Innhald
Medverkande Russell Mael - vokal, produsent Ron Mael - klaverinstrument, programmering, produsent Tammy Glover - trommer Aksinja Berger - tale på «Aeroflot» Amelia Cone - forteljing på «Scheherazade» John Thomas - miksing, lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Balls (Sparks album)» frå , den 29. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Oglio Records-album Kategori:Album spelte inn i heimestudio