«Stand and Deliver» er ein song av det britiske new wave-bandet Adam and the Ants, gjeven ut som den første singelen frå det tredje albumet deira, Prince Charming (1981). Han var den første førsteplassen til bandet i Storbritannia og låg fem veker på toppen av lista. Han blei den tredje best selde singelen i landet i 1981. Frasen «stand and deliver — your money or your life», som er nytta i teksten er ofte assosiert med landevegsrøvarar på 1700-talet i England.
På den amerikanske dance-lista nådde «Stand and Deliver» 38. plassen.
Musikkvideo Kostymet og det generelle plottet i videoen syner ein sterk inspirasjon frå Monty Python-sketsjen «Dennis Moore» frå 1973, sjølv om landevegsscenariet òg nyleg hadde vore grunnlaget for den britiske TV-serien Dick Turpin med Richard O'Sullivan i hovudrolla. Videoen syner Adam Ant kledd som ein «dandy highwayman» som trugar offera sine med eit spegelbilete av dei sjølv i lite moteriktige klede. Han vert fanga men klarar å unngå å bli hengd etter å ha fått hjelp av venen sine (bandkollegaene).
Andre utgåver «Stand and Deliver» er blitt spelt av Poppy og av indieband (Society Burning, Lynyrd's Innards). Sugar Ray gav ut den første kjende coverversjonen i 1997 på albumet Floored.
I 2015 vart songen stemt fram som den 15. beste førsteplassen frå 1980-åra i ei undersøking på ITV.
No Doubt-versjonen
I 2009 spelte det amerikanske rockebandet No Doubt inn ein versjon av «Stand and Deliver». Dei framførte songen som det oppdikta 80-talsbandet Snowed Out i ein episode av dramaserien Gossip Girl i 2009. Han vart etter kvart gjeven ut som bonusspor på luksusutgåva av det sjette studioalbumet deira, Push and Shove, som kom 21. september 2012.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stand and Deliver (Adam and the Ants song)» frå , den 6. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Adam and the Ants-songar Kategori:CBS Records-singlar Kategori:No Doubt-songar Kategori:Songar skrivne av Adam Ant Kategori:Songar skrivne av Marco Pirroni Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar produserte av Chris Hughes