Samisk Museumslag (nordsamisk Sámi Museasearvi) er ein organisasjon for samiske museum og andre museum med samiske samlingar i Noreg. Laget blei oppretta den 16. november 1989 ved eit møte i Tana, og kom etter ein inaktiv periode i fast drift etter det nasjonale museumsmøtet i Kirkenes 1995.

Laget var fyrst ein sjølvstendig organisasjon, men gjekk frå 1. januar 2007 inn som ein seksjon i Norges Museumsforbund.

Medlemmer I 2011 hadde laget desse medlemmene (nokre av desse er seinare blitt slått saman til større einingar): Verdensarvsenter for bergkunst - Alta Museum Árran – julevsáme guovdásj /lulesamisk senter Deaunu Musea /Tana Museum Fylkeskonservatoren i Finnmark Helgeland Museum Kulturhistorisk museum Universitetet i Oslo Midt-Troms Museum Museum Nord Nord-Troms Museum Norsk Folkemuseum RiddoDuottarMuseat Rørosmuseet Samtidsmuseet for nordlige folk Saemien Sijte, sørsamisk museum og kultursenter Saviomuseet Stabbursnes Naturhus og Museum Sør-Varanger museum Tromsø Museum Várjjat Sámi Musea / Varanger Samiske Museum Äʹvv skoltesamisk museum

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Samisk museumslag» frå , den 11. mai 2022.

Bakgrunnsstoff

Samiske museer i St.meld. nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum

Kategori:Norske kulturorganisasjonar Kategori:Samisk historie Kategori:Samiske museum Kategori:Skipingar i 1989