Ronald Allen, kjend som Ronnie Allen, () var ein engelsk fotballspelar og trenar frå Stoke-on-Trent. Han var senterløpar på West Bromwich-laget som i 1954 vann den engelske FA-cupfinalen.

Karriere Klubbspel Allen var profesjonell fotballspelar i tida 1946-64. Han spelte 638 kampar i den engelske ligaen, Football League, og skåra 276 mål. Han var fyrst aktiv i Port Vale til 1950. Deretter vart han overført til fyrstedivisjonsklubben West Bromwich Albion. Gjennom 1950-åra var han ein av dei beste angrepsspelarane i engelsk fotball. Våren 1954 skåra han to av måla då West Bromwich sigra i finalen i FA-cupen. Same sesongen kom klubben på andreplass i ligaen. I 1961 skreiv Allen kontrakt med Crystal Palace FC. Han avslutta som aktiv med å sikre London-klubben opprykk frå 3. divisjon.

Landslagsspel Allen spelte 5 landskampar for England; ein i mai 1952 og fire i 1954. Han skåra 2 landslagmål.

Trenar Allen leia Wolverhampton Wanderers til opprykk frå 2. divisjon i 1967. Tre år seinare var han sjef for spanske Athletic Bilbao, eit lag som kom på andreplassen i La Liga. Perioden 1972-82 var han som sjefstrenar innom Sporting Lisboa, Walsall, Panathinaikos og West Bromwich, utan suksess nokon av stadene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ronnie Allen» frå , den 16. mai 2022. eu-football

Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Port Vale-spelarar Kategori:Crystal Palace-spelarar