Arne Emil Christensen () er ein norsk arkeolog som er professor emeritus i nordisk arkeologi ved Universitetet i Oslo. Frå 1990 til 2006 hadde han ansvar for Vikingskipsmuseet på Bygdøy. Han vart tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull i 2009.
I 1967 leia Christensen, saman med Svein Molaug, den første utgravingssesongen ved vraket av fregatten «Lossen» ved Hvaler. Han vert soleis rekna som ein av pionerane innan norsk marinarkeologi. Christensen har mellom anna delteke i Helge og Anne Stine Ingstad sine utgravingar på L'Anse aux Meadows på Newfoundland. Han hadde også ansvaret for utgravinga av Klåstadskipet.
Christensen har arbeidet med temaet båtar og båtbygging, i skjeringspunktet mellom arkeologi og etnologi. Han har publisert mykje om dette emnet.
Arne Emil Christensen jr. er fetter til etnologen Arne Lie Christensen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arne Emil Christensen jr.» frå , den 2. juni 2022.
Litteratur
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske arkeologar Kategori:Norske museumsfolk Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo