Arne Patrik Kristiansson, gift Klüft, () er ein svensk tidlegare stavhoppar og seinare ishockeytrenar frå Göteborg.

Aktiv Kristiansson slo gjennom i 1998-sesongen då han sette svensk rekord med 5,77 meter. I 2001 forbetra han rekorden til 5,83 m og i 2002 til 5,85 m. Åra 1998, 2001, 2002 og 2003 vart han svensk meister i stavhopp.

Ved innandørs-EM 2002 i Wien vart Kristiansson andremann på 5,75 m, likt med så vel vinnaren som tredjemann. Under europameisterskapen 2002 i München enda han på fjerdeplass med 5,80 m, jamhøgt med dei to tyskarane som tok sølv og bronse. Høgdepunktet som stavhoppar kom då han under Paris-VM 2003 tangerte den personlege rekorden og tok bronsemedaljen.

Han gifte seg med Carolina Klüft i 2007 og tok hennar slektsnamn til etternamn.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 12 (5,45 m i kvalifiseringa) VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (5,40 m=nr 29) OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (5,55 m=nr 20) VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (5,60 m=nr 14) EM 2002 i München: Nr 4 – 5,80 m VM 2003 i Paris: Bronsemedalje – 5,85 m OL 2004 i Aten:Utslått i kvalifiseringa (5,60 m=nr 20) VM 2005 i Helsinki: Nr 9 – 5,50 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Patrik Klüft» frå , den 11. juni 2022.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Svenske stavhopparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Göteborg