Anita Görbicz () er ein ungarsk tidlegare handballspelar frå Veszprém. Ho var fem gongar med om å vinne EHF-meisterligaen for Győri ETO, eit handballag ho spelte på frå 1998 til 2021.

Görbicz spelte vanlegvis midtre rykkromspelar, tidvis var ho også venstrekant. Ho debuterte på Ungarn sitt landslag mot Noreg i 2002, deltok dei neste 15 år i 233 landskampar og skåra 1111 landslagsmål. Med Ungarn vann ho VM-sølv i 2003, VM-bronse i 2005 og bronse i så vel EM 2004 som i EM 2012.

Gjennom 23 sesongar i Győri ETO sanka Görbicz fem trofe i EHF-meisterligaen (2013, 2014, 2017, 2018, 2019), 13 nasjonale seriemeisterskap og 15 nasjonale cupmeisterskap.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anita Görbicz» frå , den 14. juni 2022.

Kategori:Ungarske handballspelarar