Hardknott Roman Fort er ein arkeologisk funnstad som omfattar restane av den romerske festningen Mediobogdum. Det ligg på vestsida av Hardknott Pass i Cumbria i England. Festningen blei bygga mellom 120 og 138 på eit bergutspring. Garnisonen var opphavleg ei avdeling av Cohors IV Delmatarum frå kysten av Dalmatia (i noverande Kroatia). Han blei forlaten rundt ti år seinare, og deretter okkupert rundt 200 og var deretter i bruk i store delar av dei neste to hundreåra.

Stad og namn Festningen blei bygd på eit steinutspring som har fantastisk utsikt over elva Esk i både øvre og nedre Eskdale, og vernar Hardknott Pass. I ei høgd på 800 fot er det ikkje den høgast plasserte festningen i den romerske provinsen Britannia - den høgaste festningen er Epiacum eller Whitley Castle, like over grensa frå Cumbria i Northumberland, som ligg på 1050 fot.

Ruinane er vanlegvis blitt kalla Hardknott Fort eller Hardknott Castle i nyare tid, men er identifisert frå Ravenna-kosmografien som festningen Mediobogdum, som låg langs vegen mellom festningane Galava (Ambleside) og Glannoventa (Ravenglass).

Klassisk historie Festningen blei bygga mellom 120 og 138, og blei forlaten under den antoninske framrykkinga inn i Skottland på midten av 200-talet. Han blei gjeninntatt rundt 200, og fortsette å vera i bruk til dei siste årea av 300-talet. I løpet av denne tida utvikla det seg ein omfattende busetnad eller vicus utanfor festningen. Den fyrste romerske garnisonen her var ei avdeling på 500 infanteri frå Cohors IV Delmatarum frå den dalmatiske kysten.

Skildring høgre|mini|På mange av veggane ligg eit lag av skifer som skil den opphavlege romerske konstruksjonen under frå den moderne rekonstruksjonen over. Festningen er firkanta med avrunda hjørner. Han er 114 meter lang utvendig og 105 meter innvendig. Vollveggen er rundt 1,7 meter tjukk med grøfter som auker den totale breidda til vollen. Dei låge veggane blei «restaurerte» for nokre år sidan, med eit skiferlag som viser høgda på murane før dei blei bygde opp att.

Ytterveggen har fire portar som ligg i midten av kvar side, og utkikkstårn i kvart hjørne. Innanfor murene ligg dei gjenverande konturane av fleire bygningar: to kornmagasin side om side, hovudkvarterbygningen til garnisonen og villaen til garnisonkommandanten, eller praetorium. I tillegg til desse steinbygningene ville tømmerkonstruksjonar ha vore brakker for hjelpestyrkane. høgre|mini|Badehuset ved Hardknott Utanfor den firkanta festningen ligg restane av eit badehus, som har eit sjeldant sirkulært sudatorium, og den flate paradeplassen, som er rekna som det finaste attvernade eksemplaret på dette i England. høgre|mini|Informasjonskilt ved Hardknott

Staden i dag Restane av festningen ligg på land som tilhøyrer National Trust som del av eigedommen Wasdale, Eskdale and Duddon. Han blir vedlikehalden av English Heritage.

Arkeologiske utgravingar Det er funne lêrgjenstandar frå den romerske tida på staden. Ei utgraving frå 1965 fann eit stykke lêr nær kornmagasinet som ein går ut frå kom frå ein soldatjakke. Ei anna utgraving i 1968 av Dorothy Charlesworth og J.H. Thornton avdekket meir lêr, inkludert fleire sko.

Festningen i kulturen Festningen er nemnd i diktet «Spain 1937» av W.H. Auden og i den 17. River Duddon-sonneten til Wordsworth, der han er skildra som «that lone Camp on Hardknott’s height,/Whose guardians bent the knee to Jove and Mars».G Lindop, A Literary Guide to the Lake District (Manchester 1993) p. 262 Hardknott er fortet i tittelen til Jack Whyte sin roman The Fort at River's Bend frå 1997.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hardknott Roman Fort» frå , den 19. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Eskdale and Duddon information at the National Trust Hardknott Roman Fort information at English Heritage Hardknott Roman Fort Link to website cambridgemilitaryhistory.com which discusses Hardknott Roman Fort

Kategori:Ruinar i Cumbria Kategori:Turistmål i Cumbria Kategori:National Trust-eigedommar Kategori:Historie i Cumbria