Gianmarco Tamberi () er ein italiensk høgdehoppar frå Civitanova Marche som vart europameister i 2016 og olympisk meister i 2021.

Aktiv Sommaren 2015 sette Tamberi italiensk rekord i Köln der han tok seg over 2,34 meter. Like etter forbetra han rekorden til 2,37 m i eit stemne i Eberstadt. Innandørs-sesongen 2016 hoppa han 2,38 m då han sigra i ei tevling i Hustopeče i Tsjekkia, og 2,36 m då han tok fyrsteplassen i hall-VM i Portland i Oregon. 10. juli 2016 var han den einaste som klarte 2,32 m i EM-finalen i Amsterdam. Fem dagar etter forbetra han den italienske rekorden til 2,39 meter i Monaco.

Tamberi kom tilbake i gammal form i 2021. Under dei olympiske leikane 2021 i Tokyo stod han og Mutaz Essa Barshim frå Qatar heilt likt etter at begge reiv i alle tre forsøka på 2,39 m, og ingen hadde riv tidlegare i tevlinga. I staden for å halde fram å tevle, valde dei to å dele fyrsteplassen og begge fekk OL-gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsinki: Nr 5 – 2,24 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (2,21 m=nr 21) EM 2014 i Zürich: Nr 7 – 2,26 m VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 2,25 m EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 2,32 m, framom Robert Grabarz (2,29 m) VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (2,29=nr 13) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 2,37 m, jamt med Mutaz Essa Barshim VM 2022 i Eugene: Nr 4 – 2,33 m EM 2022 i München: Gullmedalje – 2,30 m, framom Tobia Potye (2,27 m) VM 2023 i Budapest: Gullmedalje – 2,36 m, framom JuVaughn Harrison (2,36 m) EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 2,37 m, framom Valdyslav Lavskyj (2,29 m) OL 2024 i Paris: Nr 11 – 2,22 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gianmarco Tamberi» frå , den 22. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Italienske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024