Galen Rupp ( er ein USA-amerikansk langdistanseløpar frå Portland i Oregon. Han vann sølvmedaljen på 10 000-meteren ved OL 2012 og bronsemedaljen i maratonløpet ved OL 2016.

Aktiv Rupp deltok på i tre verdsmeisterskap og i OL 2008 før han i London-OL 2012 fylgde spurtfenomenet Mo Farah heilt inn til mål i milløpet og sikra seg ein sølvmedalje. Tidlegare i 2012 sette han personbeste på 5 000 meter med tida 12.58,9. 30. mai 2014 forbetra han sin eigen landsrekord på 10 000 meter til 26.44,0 i Eugene i Oregon. Under dei olympiske leikane 2016 i Rio de Janeiro sprang han inn til femteplass på mila, for så å ta bronsen i maraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Nr 11 på 10 000 m – 28.41,7 OL 2008 i Beijing: Nr 13 på 10 000 m – 27.36,9 VM 2009 i Berlin: Nr 8 på 10 000 m – 27.37,9 VM 2011 i Daegu: Nr 7 på 10 000 m – 27.26,8. Nr 9 på 5 000 m – 13,28,6 OL 2012 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.30,9, bakom Mo Farah (27.30,4). Nr 7 på 5 000 m – 13.45,0 VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 10 000 m – 27.24,3. Nr 8 på 5 000 m – 13.29,8 VM 2015 i Beijing:Nr 5 på 5 000 m – 13.53,9, og nr 5 på 10 000 m – 27.08,9 OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse på maraton – 2.10.05. Nr 5 på 10 000 m – 27.08,9 OL i 2021 i Tokyo: Nr 8 i maraton – 2.11.41 VM 2022 i Eugene: Nr 19 i maraton – 2.09.36

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Galen Rupp» frå , den 3. juli 2022.

World Athletics

Kategori:Langdistanseløparar frå USA Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020