mini|Demonstrerande tyske matrosar i Kiel i 1918 Mytteri er ein oppreist som består i at fleire folk går saman om ulydnad mot ei leiing. Mannskap på skip eller soldatar i ei militær eining er døme på folk som kan utføra mytteri.

Militært mytteri er straffbart i Noreg med ei strafferamme på tre års fengsel i fredstid og 15 år i krigstid (etter den militære straffeloven av 22. mai 1902, § 50 og § 97).

Kjende mytteri Mytteriet på Bounty, der besetninga på eit britisk fartøy tok over skipet i Stillehavet på slutten av 1700-talet, er eit kjend mytteri som sidan er blitt filmatisert fleire gonger.

Mot slutten av fyrste verdskrigen bidrog mytteri blant tyske matrosar i Kiel til at Tyskland måtte godta våpenkvile og avslutta krigen.Stevenson 2012, s. 492-495

Der var mytteri i Danmark i 1953, då soldatar i Søgårdlejren protesterte mot ei forlenging av verneplikta frå 12 til 18 månader.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mytteri» frå , og «Mytteri» frå den 14. juli 2022.

mytteri i Store norske leksikon Stevenson, David (2012), 1914-1918 The History of the First World War, Penguin, ISBN 9780718197957

Kategori:Militærvesen Kategori:Brotsverk