Hallvard Torleivsson Bjørgum () er ein norsk folkemusikar og sølvsmed frå Valle i Setesdal. Han er rekna som ein av Noregs beste hardingfelespelarar.Norway's official websites abroad: Folk: "Among Norway’s most prominent folk musicians are Hardanger fiddlers Knut Buen, Hallvard T. Bjørgum and Annbjørg Lien,..."

Bjørgum har vunne Landskappleiken i 1982 og 1988 og Spellemannprisen i kategorien for folkemusikk tre gonger. Han har medverka på fleire andre plater som har vunne Spellemannprisen. Han er statsstipendiat frå 1991.

Bjørgum vart i 2014 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for sin enestående betydning for folkemusikk.»«Utnevnelser til St. Olavs Orden», Kongehuset, 25. februar 2014.

Prisar

Ivar Aasen-prisen Aust-Agder blir fylka kulturpris i 1997 Heidersmedlem i Norsk Folkemusikk- og Danselag (noverande FolkOrg) og i Setesdal Spelemannslag Spellemannprisen 1979 i klassen folkemusikk/gammaldans for albumet Slinkombas (med Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte) Nominert til Spellemannprisen 1987 i klassen folkemusikk/gammaldans for Dolkaren (med faren Torleiv H. Bjørgum) Spellemannprisen 1990 i klassen folkemusikk/gammaldans for albumet Skjoldmøyslaget. Faremoslåttar frå Setesdal (med faren Torleiv H. Bjørgum) Nominert til Spellemannprisen 1991 i klassen folkemusikk/gammaldans for Juletid (med Kirsten Bråten Berg og Eilert Hægeland) Spellemannprisen 1998 i klassen folkemusikk for albumet Toneflaum (med Bjarne Herrefoss og Knut Hamre) Gammleng-prisen i open klasse i 2002 Nominert til Spellemannprisen 2003 i open klasse for Free Field Valle kulturprisen til kommune 2009 Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2014 Anders Jahres kulturpris i 2017 Nominert til Folkelarmprisen 2019 i klassen dokumentasjon for Dreng Ose (med Gunnar Stubseid)

Diskografi Hallvard T. Bjørgum har gitt ut fleire plater med tradisjonsmusikk. Saman med Kirsten Bråten Berg har han òg arbeidd med å fornya folkemusikken.

Klunkaren (1985), med Torleiv H. Bjørgum Dolkaren (1987), med Torleiv H. Bjørgum Skjoldmøyslaget – Faremoslåttar frå Setesdal (1990), med Torleiv H. Bjørgum Juletid (1991), med Kirsten Bråten Berg & Eilert Hægeland Toneflaum (1998), med Bjarne Herrefoss & Knut Hamre Runarstreng (1999), med Kirsten Bråten Berg Free Field (2003) Peace Will Come (2009) Førnesbrunen – Slåttar etter J. Tjønnstau (2011), med Hauk Buen Sterke slag – Meisterspelemannen Olav Hegland – Slåttar og konsertstykke 125 år 1888–2013 (2013), med Gunnar Stubseid Førnesbrunen Vol. 2 (2014), med Hauk Buen Bjørgumspel Vol. II – Taddeivs minne 1 (2015), med Daniel Sandén-Warg Dreng Ose (2019, Sylvartun Folkemusikk), med Gunnar Stubseid (4 CD-er + 2 DVD-er, dokumentasjon om spellemannen Dreng Ose)

Singlar

I denne søte juletid (1991), med Kirsten Bråten Berg & Eilert Hægeland

Slinkombas

Slinkombas (1979) …og bas igjen (1982) Slinkombas og bas igjen (2008)

Ferd

Album

Music Without Borders (2017)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hallvard T. Bjørgum» frå , den 16. juli 2022.

Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Valle Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:St. Olavs Orden